
TA TESTEN
Har du det som skal til for å ta styringa over luftrommet?
Prøv spelet og finn ut om du har eigenskapane som krevst for å bli flygeleiar? Her får du utfordra hugseemna, talforståinga, språkevna, logikken og lytteevna – alt under tidspress.
Drøymer du om ein jobb der du kan kombinere raske avgjerder med komplekse utfordringar? Då kan flygeleiar vere den perfekte karriera for deg! Her får du eit innblikk i yrket, anten du berre er nysgjerrig eller ønskjer å søkje utdanning.

Ein flygeleiar sørgjer for sikker og effektiv trafikkavvikling ved å instruere pilotar om spesifikke høgder, retningar, hastigheiter, og andre prosedyrar. Dei har eit ansvar for fly i ulike fasar av flyginga, som avgang, innflyging og passering av luftrommet, og må ha god simultankapasitet, vere fokusert og nøyaktig.
Flygeleiarar kan jobbe i kontrolltårn, ved innflygingskontroll, eller på ei eining for områdekontroll. Dei fleste er tilsette i Avinor, og arbeidsstaden avheng av kva slags kontroll dei utfører, anten det er i kontrolltårnet, innanfor innflygingskontroll, eller i områdekontrollen som dekkjer større luftrom mellom flyplassar.

TA TESTEN
Prøv spelet og finn ut om du har eigenskapane som krevst for å bli flygeleiar? Her får du utfordra hugseemna, talforståinga, språkevna, logikken og lytteevna – alt under tidspress.

Søknadsfristen for opptak til flygeleiarutdanninga 2026 er utløpt. Neste opptak til flygeleiarutdanninga (2027) opnar i løpet av november. Informasjon og søknadslenkje vil bli publisert her når opptaket opnar.