Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Opptakskrav

Lang eksponering av stjerneklar himmel med flylys i bevegelse over natthimmel, omgitt av skogkledd horisont

For å bli vurdert til opptaksprøvene, må alle følgjande krav vere oppfylte:

  • Alderskrav: Du må ha fylt 19 år innan 1. januar i opptaksåret. Det er ingen øvre aldersgrense.

  • Generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter frå vidaregåande opplæring på 4,0 eller betre. Alle karakterar på vitnemålet tel.

    Tilleggspoeng, alderspoeng eller liknande skal ikkje reknast med. Avinor følgjer reglane til Samordna opptak for oppnåing av generell studiekompetanse og utrekning av gjennomsnittskarakter.

  • 23/6-regelen: Det er òg mogleg å søkje etter 23/6-regelen. Les meir her: Nye regler fra 2027 for opptak til høyere utdanning – Universitet og høgskole.

    Avinor følgjer reglane til Samordna opptak for oppnåing av generell studiekompetanse og utrekning av gjennomsnittskarakter. Karakterkrava er dei same som ved generell studiekompetanse.

  • Bestått fag- eller sveinebrev: Det kan søkjast med bestått fag- eller sveinebrev og eit karaktersnitt frå vidaregåande opplæring på 4,0 eller betre. Alle karakterar på kompetansebeviset tel.

    Søkjarar må dokumentere fullført VG1 og VG2, i tillegg til fag- eller sveinebrev. Dersom søkjaren har gjennomført tre år med opplæring i vidaregåande skule før læretid i bedrift, skal karakterane frå alle tre åra inngå i utrekninga av gjennomsnittskarakteren.

  • Søkjarar med utdanning frå utlandet vil bli vurderte etter kriterium fastsette av Samordna opptak. Søkjarar med vitnemål frå utlandet må ha bestått norsk CEFR-språktest på minimum nivå B2.

  • Flytande munnleg og skriftleg norsk: Du må dokumentere norskkunnskapar frå vidaregåande opplæring med ein gjennomsnittskarakter på minst 3.

    Søkjarar med vitnemål frå utlandet må ha bestått norsk CEFR-språktest på minimum nivå B2.

  • Beherskar engelsk munnleg og skriftleg: Du må dokumentere engelskkunnskapar frå vidaregåande opplæring med minimum karakter 3.

    Søkjarar med vitnemål frå utlandet vil bli vurderte etter kriterium fastsette av Samordna opptak.