Utslepp til vatn og grunn

Aktivitetar ved lufthamnene skal ikkje medføre ny grunnforureining eller redusert tilstand i vassmiljøet. Dette inneber eit kontinuerleg arbeid med å overvake og redusere utslepp av avisingskjemikalie.  

Bruk av avisingskjemikalie er heilt nødvendig for å redusere is og snø på fly og rullebane, slik at tilhøva er i samsvar med tryggleiksreglane. Avrenning og spreiing av avisingskjemikalie frå lufthamnens område kan påverke naturens toleranseevne og nedbrytingskapasitet, då både fly- og baneavisingskjemikalie krev oksygen ved biologisk nedbryting.  

Forbruket av avisingskjemikalie ved lufthamnene blir overvaka kontinuerleg. Ved lufthamner med høgt forbruk og sårbare resipientar blir avbøtande tiltak vurderte. Døme på slike tiltak er endring i brøytemønster, auka bruk av strøsand, bortkøyring av snø frå snødeponi og meir bruk av mekanisk arbeid. Mengdene avisingskjemikalie som blir nytta per år varierer med vêr- og temperaturtilhøve, samt totalt tal på flyavgangar. 

Alle Avinors lufthamner har gyldige utsleppsløyve i samsvar med forureiningslova. Desse regulerer bruken av kjemikalie og stiller krav til beredskap ved akuttutslipp, samt til miljørisikovurderingar. Avinors utsleppsløyve er tilgjengelege på https://www.norskeutslipp.no/ under Landbasert industri – Flyplass. I fleire av lufthamnens utsleppsløyve blir det stilt krav til omfattande undersøkingar av resipienttilhøva som skal sikre at krava i vassforskrifta/EUs vassrammedirektiv blir tilfredsstilte. Rapportar frå gjennomførte undersøkingar finst her

Avinor jobbar for at belastninga på miljøet rundt lufthamnene er så låg som mogleg. Dette skal oppnåast gjennom systematisk arbeid, gode vedlikehaldsrutinar og beredskapssystem.

Bruk av avisningskjemikaliar

Avisingskjemikaliar

På Avinor sine lufthamner blir det brukt format til å avise banesystema. Format er eit organisk salt utan miljøfarlege tilsetningsstoff. Det er biologisk nedbrytbart og blir raskt brote ned i naturen. Avinor inngår jamleg sentrale rammeavtaler for innkjøp av baneavisingskjemikalie. Val av kjemikalie blir mellom anna gjort på grunnlag av dei tilgjengelege kjemikaliane sine operative og miljømessige eigenskapar.

Til flyavising blir det brukt eit glykolbasert produkt (polypropylenglykol). Det er handlingselskapa som utfører avisinga etter oppmoding frå piloten og på oppdrag frå flyselskapa. For tida finst det ikkje godkjende flyavisingsvæsker utan giftige tilsetningsstoff, men mengda og talet på tilsetningsstoff er betydeleg redusert dei siste åra, og det mest giftige stoffet er fjerna frå avisingskjemikalia.

Avinor forheld seg fortløpande til substitusjonsplikta, og stiller også krav til flyselskapa om innkjøp av dei miljømessig mest gunstige avisingskjemikalia.