Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Utslepp til vatn og grunn

Aktivitetar ved lufthamnene skal ikkje medføre ny grunnureining eller redusert tilstand i vassmiljøet. Dette inneber eit kontinuerleg arbeid med å overvake og redusere utslepp av avisingskjemikaliar.

Bruk av avisingskjemikaliar er heilt naudsynt for å redusere is og snø på fly og rullebane, slik at forholda er i samsvar med tryggingsreglane. Avrenning og spreiing av avisingskjemikaliar frå lufthamna sine område kan påverke naturen si tåleevne og nedbrytingskapasitet, då både fly- og baneavisingskjemikaliar krev oksygen ved biologisk nedbryting. 

Forbruket av avisingskjemikaliar ved lufthamnene blir overvaka kontinuerleg. Ved lufthamnar med høgt forbruk og sårbare resipientar blir avbøtande tiltak vurderte. Døme på slike tiltak er endring i snøbrøytemønster, auka bruk av strøsand, bortkøyring av snø frå snødeponi og meir bruk av mekanisk arbeid. Mengda avisingskjemikaliar som blir brukt kvart år varierer med vêret og temperaturtilhøva, samt det totale talet på flyavgangar. 

Alle Avinor sine lufthamnar har gyldige utsleppsløyve i samsvar med ureiningslova. Desse regulerer bruken av kjemikaliar og stiller krav til beredskap ved akutte utslepp, samt til miljørisikovurderingar. Avinor sine utsleppsløyve er tilgjengelege på https://www.norskeutslipp.no/ under Landbasert industri – Flyplass. I fleire av lufthamna sine utsleppsløyve blir det stilt krav til omfattande undersøkingar av resipienttilhøva, som skal sikre at krava i vassforskrifta/EUs vassrammedirektiv blir oppfylte. Rapportar frå gjennomførte undersøkingar finst her.

Avinor jobbar for at belastninga på miljøet rundt lufthamnene er så låg som mogleg. Dette skal oppnåast gjennom systematisk arbeid, gode vedlikehaldsrutinar og beredskapssystem.

Bruk av avisingskjemikaliar

Avisingskjemikalium

På Avinor sine lufthamner blir det brukt format til å avise banesystema. Format er eit organisk salt utan miljøskadelege tilsetningsstoff. Det er biologisk nedbrytbart og brytast raskt ned i naturen. Avinor inngår jamleg sentrale rammeavtalar for innkjøp av baneavisingskjemikaliar. Val av kjemikaliar blir mellom anna gjort på grunnlag av dei tilgjengelege kjemikalianes operative og miljømessige eigenskapar.

Til flyavising blir det brukt eit glykolbasert produkt (polypropylenglykol). Det er handlingsselskapa som utfører avisinga etter anmoding frå piloten og på oppdrag frå flyselskapa. For tida finst det ikkje godkjende flyavisingsvæsker utan giftige tilsetningsstoff, men mengda og talet på tilsetningsstoff er betydeleg redusert dei siste åra, og det mest giftige stoffet er fjerna frå avisingskjemikaliane.

Avinor forheld seg fortløpande til substitusjonsplikta, og stiller òg krav til flyselskapa om innkjøp av dei miljømessig mest gunstige avisingskjemikaliane.