Profilmanual
Avinor har laga ein felles visuell identitet for verksemda til selskapet der føremålet er å framstå samla og heilskapleg overfor samarbeidspartnarar, kundar og samfunnet elles. Vår visuelle identitet inneber at logo, fargar, fonter, bilete og grafiske element skal brukast på ein tydeleg definert måte. Vi ønskjer at den blir forvalta og utvikla innanfor rammene som er gitt.

Avinors grafiske profil
Logo
Logoen består av seks spesialteikna bokstavformer som byggjer ordbiletet Avinor og symbolet "dot-connect".
Logoen skal alltid brukast i si heilskap, det vil seie: skil aldri symbol og ordbilete. Symbolet og bokstavformene skal aldri endrast eller modifiserast på nokon måte.
Logoen skal alltid reproduserast i svart, kvitt eller Avinor Fiolett (Pantone 512 CP). Ingen andre fargekombinasjonar er tillatne.
Val av farge skal baserast på ei gjennomtenkt vurdering av kontrasten mellom logo og bakgrunn.
Plassering mot bakgrunn
Svart logo blir brukt mot lys bakgrunn. Kvit logo blir brukt mot mørk bakgrunn. Logo i Avinor fiolett skal berre brukast om bakgrunnen er heilt kvit.
Plasser aldri svart logo mot mørk bakgrunn - dette gir for låg kontrast og låg lesbarheit. Plasser aldri kvit logo mot lys bakgrunn - dette gir for låg kontrast og låg lesbarheit. Plasser aldri logo i Avinor fiolett mot nokon annan bakgrunn enn kvit.
Rundt logoen skal det alltid vere nok plass til å sikre eit reint og tydeleg visuelt bilete. Der det ikkje er mogleg å nytte føretreken clear space, skal minimum clear space nyttast. Dette gjeld flater som har ekstremt avgrensa overflate.
Profilfargar
Berre følgjande fargar er tillatne for reproduksjon saman med varemerket. Våre fargar blir primært angitt som Pantone® fargar, og desse fargane er våre "optimale fargar".
- Bildet skal fange augneblinken i aktiviteten.
-
Aktiviteten skal vere noko ein naturleg gjer på reise på ein flyplass.
-
Ein skal stræve etter å vise relasjonar mellom menneske.
-
-
Bildet skal etablere at ein er på reise på ein flyplass.
-
Det kan vere små indikasjonar som at ein ser delar av eit bording pass, ein taxfree-pose, pass i handa osv.
-
-
Glimt i auget
-
- Menneska som er avbilda skal representere dei største og viktigaste segmenta blant gjestene til Avinor. Alle segmenta skal vere representert i bildedatabasen.
-
Menneska som er avbilda skal framstå som ekte menneske på ein god dag. Rene og pene i kleda.
-
Sjå fornøgde ut og gjenspegle at dei trivs som gjester hos Avinor.
-
Dei same retningslinjene gjeld for bilder av tilsette.
-
Lyset skal framstå naturleg med ein kjølig undertone.
-
Aldri vise situasjonar som kan vere ein risiko for gjestene eller dei tilsette si tryggleik.
- Folkeleg: Vi skal velje ein skriftform som er likefram, upretensiøs og sympatisk.
- Forklarande: Vi skal velje ord og uttrykksformer som byggjer forståing.
- Vennleg: Språket vårt og kommunikasjonen vår skal spegle menneskeleg fellesskap og imøtekommenheit.
Alle skal kjenne seg velkomne
Sjølv om flyreiser har blitt ein normal del av livet til folk, er det viktig at vi skaper ei så bekymringslaus reiseoppleving som mogleg. Avinor leverer ei rekkje tenester som alle bidreg til ei sømlaus og positiv reise. Det er avgjerande at desse tenestene blir formidla med ein klårleik som gjer at alle forstår kva vi tilbyr.
Vi er heile Norges Avinor
Frå Kristiansand i sør, til Berlevåg i nord, våre 45 flyplassar bind bokstavleg talt Noreg saman. Det viktig for oss at språk, stadar og modellar speglar at vi er til for alle nordmenn. Å skilje mellom folk, er rett og slett ikkje innanfor vårt mandat.
Språk
Vi skriv fyrst og fremst nynorsk med eventuelt engelsk som tillegg.
Avinors profilmanual definerer retningslinjer for plassering av Avinors logoar i forhold til andre logoar. Avinors logo kan opptre saman med andre logoar i støtteannonser, invitasjonar og sponsing o.l.
Ved marknadsføring i kanalar og på flater utanfor flyplassen, skal Avinors logo stå aleine som avsendar (f.eks. annonsering av parkering, direkteruter o.l.), sjølv om tenesta blir levert av samarbeidspartnar.
Aktørar som leverer tenester på flyplassane skal leggje til rette for at passasjerane enkelt kan finne riktig kontaktinformasjon. I desse tilfella er det naturleg at aktørane nyttar sin logo og avsendaridentitet.
Avinors stadsmerkevare (Oslo, Bergen/Flesland, Stavanger/Sola og Trondheim/Værnes) skal nyttast viss det er føremålstenleg å løfte fram at tenesta/produktet er knytt til flyplassen der.
Kontakt gjerne om spørsmål.

