Praksisplass

    Vil du vere med og utvikle framtidas luftfart?

    Ein gruppe unge vaksne står saman utandørs, omgitt av tre, alle kledde i casual klede. Dei ser mot kameraet og smiler

    Er du student og vil bruke sommaren på å jobbe med spanande utfordringar samtidig som du pangstartar karrieren din? Då kan internship i Avinor vere midt i blinken for deg!

    Kva seier du til å bli ein del av eit dyktig team som gjennom sommaren får sjansen til å jobbe med aktuelle og spanande problemstillingar saman med andre sommarstudentar? Og kor de saman får vere med å skape løysingar som til slutt blir presenterte for heile Avinor? Gjer sommaren 2025 til din sommar!

    Kva kan du forvente?

    • Ein lærerik og nettverksbyggjande sommar
    • Unik innsikt i eitt av landets mest spanande konsern
    • Relevant arbeidserfaring for vidare karriere

    Når og kvar?

    • 9 veker frå 9. juni–8. august 2025, med sommarfri veke 28 og 29

    Til sommaren 2025 skal vi potensielt tilsette 15 studentar fordelt på to lokasjonar, på Bjørvika (vårt hovudkontor) og på Oslo lufthamn. Vi ser for oss å tilsette interns til seks ulike prosjekt. Meir om prosjekta les du i vår annonse.

    Opptak til summer internships for 2025 vil byrje 23. september 2024 når annonsane blir publiserte. Følg med på våre ledige stillingar og søk her.