Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Bli flygeleiar

Drøymer du om ein jobb der du kan kombinere raske avgjerder med komplekse utfordringar? Då kan flygeleiar vere den perfekte karriera for deg! Her får du eit innblikk i yrket, anten du berre er nysgjerrig eller ønskjer å søkje utdanning.

Flygeleiar i eit flykontrolltårn overvaker flytrafikken ved hjelp av kikkert og dataskjermer.

Kva gjer ein flygeleiar?

Ein flygeleiar sørgjer for sikker og effektiv trafikkavvikling ved å instruere pilotar om spesifikke høgder, retningar, hastigheiter, og andre prosedyrar. Dei har eit ansvar for fly i ulike fasar av flyginga, som avgang, innflyging og passering av luftrommet, og må ha god simultankapasitet, vere fokusert og nøyaktig.

Kvar arbeider ein flygeleiar?

Flygeleiarar kan jobbe i kontrolltårn, ved innflygingskontroll, eller på ei eining for områdekontroll. Dei fleste er tilsette i Avinor, og arbeidsstaden avheng av kva slags kontroll dei utfører, anten det er i kontrolltårnet, innanfor innflygingskontroll, eller i områdekontrollen som dekkjer større luftrom mellom flyplassar.