For våre naboar
På denne sida vil du finna nabovarsel og anna relevant informasjon til deg som bur eller driv næringsverksemd i området rundt den nye lufthamna i Mo i Rana.
Nabovarsel
Her vil det bli lagt ut relevant info til deg som nabo.
Om du som nabo ønskjer månadsbrev, invitasjon til nabomøte og generell info til berørte partar på e-post, meld frå om dette til
Støy under byggefasen
Som del av dei pågåande arbeida vil det bli utført ein god del sprenging.
Dersom du ønskjer å få bli førehandsvarsla om sprenging, er det mogleg å få beskjed om dette via SMS.Då vil du få ein tekstmelding før kvart salve.
Slik melder du deg på sprengingsvarsel:
Per i dag ein entreprise som held på med sprengingsarbeid.
For å få sprengingsvarsel for heile anlegget må ein sette seg opp på varslingslista. Merk at tenesta er for naboar og andre interessentar.
For å få SMS-varsel frå AF Gruppen, send melding til 901 51 034. Oppgi at du ønskjer sprengingsvarsel for Ny flyplass Mo i Rana i meldinga, samt namn og telefonnummer.Då vil du motta eit varsel i forkant av sprenging.
Støygrenser
Under utbygginga følger vi krav til utsleppsløyve etter forureiningslova gitt av Statsforvaltaren i Nordland.
Støyen skal ikkje overskride grenseverdiane gitt i denne tabellen:
Bygningstype | Støykrav på dag | Støykrav på kveld | Støykrav på natt |
Bustader, fritidsbustader, sjukehus, pleieinstitusjonar | 60 dB | 55 dB | 45 dB |
Skule, barnehage | 55 dB i brukstid | ||
*Støykrav på dag gjeld tidsrommet 07:00-19:00.
* Støykrav på kveld gjeld tidsrommet 19:00-23:00, inkludert søndag og heilagdagar 07:00-23:00.
* Støykrav på natt gjeld tidsrommet 23:00-07:00.
Avvik
Grenseverdiane for støybelastning kan fravikast i kortare periodar.
