Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Konsekvensutgreiing om plassering av ei eventuell tredje rullebane

Avinor har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å gjennomføre ei konsekvensutgreiing. Utgreiinga skal bidra til eit oppdatert, fagleg grunnlag for ei statleg avgjerd om kvar ei eventuell tredje rullebane ved Oslo lufthamn, Gardermoen, kan plasserast. Det er viktig å understreke at det ikkje er bestemt å byggje ei tredje rullebane.

Konsekvensutgreiinga skal undersøkje relevante og realistiske alternativ for plassering, slik at styresmaktene, kommunane, innbyggjarane og andre som blir påverka, får eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Arbeidet skal gjennomførast i tråd med forskrift om konsekvensutredninger, med Avinor som forslagsstillar og Kommunal- og distriktsdepartementet som ansvarleg styresmakt.

Kva skal greiast ut?

Konsekvensutgreiinga skal beskrive moglege verknader av ulike alternativ for plassering. Tema vil mellom anna vere støy, miljø, arealbruk, lokalsamfunn, næringsutvikling, grunnforhold og andre relevante samfunnsverknader. Utgreiinga skal òg bidra til å gjere det tydeleg kva følgjer ei mogleg framtidig rullebane kan få for kommunal planlegging og langsiktig arealbruk rundt flyplassen.

Kvifor blir dette gjort no?

Spørsmålet om ei eventuell tredje rullebane har vore uavklart i lang tid. Regjeringa har ikkje teke stilling til om ei tredje rullebane skal byggjast, og ei eventuell avgjerd om bygging ligg langt fram i tid. Samtidig trengst det større føreseielegheit om mogleg plassering, slik at kommunar, innbyggjarar, grunneigarar og næringsliv får eit betre grunnlag for langsiktig planlegging.

Det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet som leverte rapporten sin i 2024, vurderte at eit eventuelt behov for ei tredje rullebane mest sannsynleg tidlegast vil oppstå på 2040-talet. Før det eventuelt kan takast stilling til bygging, må det gjennomførast ei konseptvalutgreiing, ekstern kvalitetssikring og seinare nødvendige plan- og konsesjonsprosessar.

Dialog og medverknad

Gode prosessar for medverknad og høyring er ein sentral del av arbeidet. Avinor vil leggje til rette for dialog med kommunane som blir påverka, regionale og statlege styresmakter, innbyggjarar, grunneigarar, næringsliv og andre aktørar som blir påverka. Det vil bli gitt informasjon om korleis ein kan gi innspel når forslaget til planprogram og seinare utgreiingsmaterialet blir sende på høyring.

Kva skjer vidare?

Det første steget er å utarbeide eit forslag til planprogram. Planprogrammet skal beskrive kva alternativ og tema som skal greiast ut, korleis arbeidet skal gjennomførast, og korleis partar som blir påverka, kan medverke. Etter at planprogrammet har vore på høyring og er fastsett, blir sjølve konsekvensutgreiinga gjennomført.