Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Framdriftsplan

2024:

I Hurdalsplattforma beslutta regjeringa å «Setje ned ei uavhengig nemnd for å sjå på framtidig kapasitet og behov ved Oslo lufthamn på Gardermoen. Dette arbeidet vart fullført i september 2024. Nemnda sitt arbeid vil danne grunnlag for regjeringa si avgjerd i spørsmålet om tredje rullebane. Avinor har bidrege inn i dette arbeidet med faktainformasjon og behovsanalysar. 

Rapporten i sin heilskap kan lastast ned her.

Nemnda si konklusjon om behovet for ein tredje rullebane seier:

«Det er nemnda si samla vurdering at det kan oppstå behov for ein tredje rullebane i framtida. Dermed kan det bli behov for areal til ein tredje rullebane. I tråd med dette meiner nemnda det er viktig å hindre innebygging av dagens lufthamn.»

Nemnda anslår at det er lite sannsynleg at behovet oppstår før 2040, men anbefaler at Avinor og staten startar planlegginga så tidleg som mogleg.

2022: 

I Hurdalsplattforma uttalte regjeringa at dei skal «Setje ned ei uavhengig nemnd for å sjå på framtidig kapasitet og behov ved Oslo lufthamn på Gardermoen. Inntil dette arbeidet er fullført, blir ikkje planarbeidet for ein tredje rullebane vidareført. Nemnda sitt arbeid vil danne grunnlag for regjeringa si avgjerd i spørsmålet om ein tredje rullebane.» Avinor vil bidra inn i dette arbeidet med faktainformasjon og behovsanalysar.  

26.10.2020:

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Avinor oppdatert kunnskapsgrunnlaget for vurdering av framtidig plassering av ein eventuell tredje rullebane på Oslo lufthamn.

Les heile det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget her.

16.11.2018: 
Avinor er orientert om at formannskapet i Ullensaker kommune einstemmig har vedteke å stoppe arbeidet med ein tredje rullebane inntil vidare. Avinor tar avgjerda til etterretning.

Avgjerda om stopp i arbeidet blir gjort med grunngjevinga at Ullensaker kommune meiner lokaliseringa verken er førebudd eller avgjord i samsvar med plan- og bygningslova sine reglar eller den framgangsmåten Samferdselsdepartementet sjølve har skissert.

Avinor tar avgjerda til formannskapet til etterretning og avventar beskjed frå Samferdselsdepartementet for vidare avklaring.

- Vi er kjende med vedtaket i Ullensaker kommune og held oss til Samferdselsdepartementet i deira avklaring av vidare prosess, og vil planleggje deretter, seier plansjef i Avinor Oslo lufthamn, Bent A. Skatvedt.

Les meir om vedtaket frå Ullensaker kommune her: https://www.ullensaker.kommune.no/aktuelt/pause-i-arbeidet-med-3.-rullebane/

Avinor har motteke kopi av Samferdselsdepartementet sitt svar til Ullensaker kommune, 02.05.19, kor det står:

For å unngå unødvendig usemje om dei sentrale delane av grunnlaget for lokaliseringsvalet vil Samferdselsdepartementet sørgje for at kunnskapsgrunnlaget blir oppdatert. Som kjend har Avinor allereie sørgja for at Sintef har utarbeidd ein oppdatert støyberekning for det austlege lokaliseringsalternativet. For å kunne samanlikne denne nye berekninga med støykonsekvensane av det vestlege lokaliseringsalternativet vil Avinor og Sintef sørgje for at det blir utarbeidd ein tilsvarande oppdatert støyberekning for dette. Avinor vil også sørgje for at det blir utarbeidd oppdaterte utgreiingar for andre vesentlege forhold som har endra seg sidan 2012.

Når det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget føreligg, vil departementet ta kontakt med Ullensaker kommune.