Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Klima

Barn som ser ut av eit vindauge på flyplassen

Utslepp av klimagassar er eit globalt problem og medfører irreversible klimaendringar. Verda må i 2050 vere eit nærast nullutsleppssamfunn for at måla i Paris-avtalen skal nåast. Dette krev omfattande utsleppsreduserande tiltak i alle sektorar, inkludert luftfart. Dei største luftfartsrelaterte klimagassutsleppa kjem frå sjølve flytrafikken, dernest kjem passasjerars og tilsette sin transport til og frå lufthamnene (tilbringartenesta) og til slutt klimagassutslepp knytte til drift av lufthamnene. 

Luftfarten bind Noreg saman – men vi må kutte utslepp raskt. Derfor har Avinor sett ambisiøse klimamål: Avinor skal kutte eigne klimagassutslepp med 42 % innan 2030 og bidra til at norsk luftfart oppnår det felles målet om å vere fossilfri luftfart innan 2050.  

 

Klimagassutslepp frå flytrafikken

Klimagassutsleppa frå all innanriks sivil luftfart tilsvara ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2024 (siste offisielle tal) 2,3 prosent av samla innanriks utslepp (1,05 av totalt 44,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar). Utsleppa frå innanrikstrafikken har vore relativt stabile dei siste 25 åra, trass i betydeleg trafikkvekst. Det er desse utsleppa som er omfatta av Kyoto-protokollen og som blir rapporterte i SSBs statistikk om klimagassutslepp frå norsk territorium. Dette prinsippet blir brukt i alle land.

Klimagassutslepp frå utanrikstrafikken, det vil seie frå norske lufthamner til første destinasjon i utlandet, utgjorde i 2024 1,75 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Desse utsleppa blir rapporterte årlg av Miljødirektoratet til FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Utsleppa frå utanrikstrafikken har vakse betydeleg sidan 1990. Dette skuldast langt fleire reisande, men også fleire direkteruter frå Noreg. 

Samla klimagassutslepp frå alt jetdrivstoff til sivile formål selt på norske lufthamner i 2024 (siste offisielle tal) tilsvara om lag 5 prosent av Noregs samla utslepp, i storleiksorden 2,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar, når ein også tek med utanriks sjøfart. Utsleppa i 2024 var tilbake på nivå frå 2013 og 2014, men ikkje fullt så høge som dei siste åra før koronapandemien.

Klima og Avinor

  1. Avinors eigne utslepp

    Her kan du lese om utslepp frå Avinors eigen drift – som til dømes frå køyretøy og energibruk.

    Les meir
  2. Energi

    Her kan du lese om indirekte klimagassutslepp frå innkjøpt energi, som straum og fjernvarme.

    Les meir
  3. Utslepp frå flytrafikken og verdikjeda

    Her finn du informasjon om luftrom, berekraftig flydrivstoff og null- og lågutslippsluftfart.

    Les meir
  4. Klimarisiko

    Her kan du lese om korleis Avinor tilpassar sine omfattande bygningar og øvrig infrastruktur til klimaendringane.

    Les meir