Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn
Denne sida er ikkje fullstendig omsett til Norsk nynorsk

Verktøyet som koordinerte mottakelsen til Kong Haralds begravelse

Få dager etter Kong Harald Vs bortgang får teknologimiljøet i Avinor en hasteforespørsel fra Oslo lufthavn: Kan de utvikle et verktøy som kan koordinere mottakelsen av kongelige, statsoverhoder og VIP-delegasjoner fra hele verden?

Abinaya Sakthivel er java-utviklar i Avinor, med arbeidsstad på kontrollsentralen i Røyken. Når ho skal beskrive arbeidsplassen sin, så er det dei gode kollegaene, trivselen og det gode miljøet ho trekk fram først.

– Det klaffa frå første stund. Eg fekk komme på besøk etter intervjuet. Ein hyggeleg lunsj med teamet ga meg eit innblikk i korleis arbeidskvardagen min kom til å sjå ut. Det sette eg veldig stor pris på, for trivsel er det aller viktigaste for meg.

Då ho byrja i Avinor, kom ho rett frå skulebenken, og hadde ein litt atypisk bakgrunn med matematiske og teoretiske fag. Ho blei teken med inn i prosjekta med éin gong.

– Det var mykje som var nytt for meg, men eg fekk god opplæring, og følte at folk investerte tid for å gi meg ein god start. Det gjorde at eg følte meg som ein del av teamet frå dag éin.

To personar diskuterer framfor ein stor interaktiv skjerm i eit moderne kontormiljø. Ei kvinne peikar på skjermen medan ein mann lyttar oppmerksam. Bakgrunn med fleire skjermar.

System for framtidas luftromskontroll

Abinaya er ein del av Aims-teamet som har ein toppmoderne teknologi-stack. Dei er opptekne av å teste ut ny teknologi, og no køyrer dei alle sine prosjekt på Kubernetes og Docker.  Teamet består av 11 utviklarar, som igjen er delt i tre; eit plattformteam og to applikasjonsteam.

Når ho skal beskrive arbeidsoppgåvene sine, gir ho eit døme frå det mest spanande prosjektet for teknologar i Røyken akkurat no: Skiftet frå gammalt flykontrollsystem til eit heilt nytt system kalla iTEC.  Systemet vil digitalisere lufttrafikktenesta i norsk luftrom, og opne for nye moglegheiter for korleis lufttrafikktenesta blir utført i framtida. Systemet blir utvikla i allianse med fleire andre europeiske land og vil gi Avinor tilgang til ein moderne, felles europeisk plattform for teknologi.

skjerm OSL
To personar diskuterer framfor ein stor interaktiv skjerm i eit moderne kontormiljø. Ei kvinne peikar på skjermen medan ein mann lyttar oppmerksam. Bakgrunn med fleire skjermar.