Seriøsitet og arbeidslivskriminalitet

Avinor skal fremje eit seriøst arbeidsliv og kjempe mot arbeidslivskriminalitet. Vi skal sikre at seriøsitetskrava våre blir etterlevde gjennom opplæring, god dialog og oppfølging. Som offentleg byggherre og oppdragsgjevar har vi eit særleg ansvar for å opptre etisk og forsvarleg. Vi skal overhalde krava frå samfunnet rundt oss, men også krava vi stiller til oss sjølve. Vi forventar at leverandørane og samarbeidspartnarane våre opptrer like etisk og ansvarleg som oss.
Seriøsitetskrav i kontraktar
Byggherrar, entreprenørar og leverandørar har eit felles ansvar for å gjere bygg- og anleggsbransjen seriøs og attraktiv. Vi stiller krav utover dei lovpålagde, for å leggje til rette for eit godt, attraktivt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Avinor nyttar LO-koordinatorar i arbeidet med å førebyggje arbeidslivskriminalitet og useriøsitet. Deres nærvere styrker Avinor sitt arbeid med HMS og tryggleik og er med på å gje ei ekstra kvalitetssikring i våre seriøsitetsvurderingar og kontrollarbeid.
- Vi stiller tydelege og spissa seriøsitetskrav i kontraktane våre, som fremjar eit ansvarleg næringsliv og seriøst arbeidsliv. Krava byggjer på grunnleggjande standardar, konvensjonar og lovgjeving.
- Vi nyttar anerkjende og bransjetilpassa datasystem og leverandørdatabasar, som HMSREG og StartBANK, for å følgje opp seriøsitet.
- Det blir gjennomført løpande risikovurderingar knytte til seriøsitetsaspekt i alle fasar av prosjekt.
- Vi følgjer opp krava i praksis og gjennomfører kontroller og kartleggingar/revisjonar.
- Vi har dialog med leverandørar for å sikre felles forståing for risiko og moglegheiter, forvaltning og utvikling.
- Vi avviser leverandørar og krev utskifting av underleverandørar når det er grunn til det.
- Alle entreprenørane våre skal vere tilknytte ei lærlingeordning og bruke lærlingar ved utføring av kontraktsarbeid. Som standard set vi krav om 10 prosent lærlingar i alle kontraktar.
- Omfanget av seriøsitetskrava avheng av kontraktstype. Seriøsitetskrava skal vidareførast i leverandørkjeda.
Samarbeidsavtale om forsterka innsats mot arbeidsmarknadskriminalitet
Avinor har inngått samarbeidsavtale med Skatteetaten om forsterka innsats mot arbeidsmarknadskriminalitet. Føremålet med avtalen er å etablere eit løpande samarbeid som forsterkar og utvidar effekten av partane sine tiltak mot arbeidsmarknadskriminalitet. Avtalen skal sikre at alle Avinors leverandørar og underleverandørar innan bygg og anlegg samt reinhald rettidig oppfyller sine lovmessige plikter knytte til skattar og avgifter. I Prosjekt og utbygging er det i tillegg inngått ein pilotsamarbeidsavtale med A-krimsenteret i Nordland.