Trafikkstatistikk

Flytrafikken blir målt på fleire forskjellige måtar - korleis kjem vi fram til trafikktala?
Terminalpassasjerar er talet på passasjerar til og frå ein lufthamn. Dersom ein person kjem med fly og reiser vidare med fly, vil personen bli telt to gonger ved denne lufthamna.
Talet på passasjerar som kjem med fly, men ikkje går inn på lufthamna, altså sit i flyet, både ved ankomst og avgang, blir ikkje telt som terminalpassasjerar, men er i transit. Dette blir gjort likt ved alle lufthamner. Dersom ein summerer terminalpassasjerar ved alle Avinors lufthamner, blir dei same passasjerane telt fleire gonger.