Avinors visjon og verdiar

Ein mann i oransje tryggleiksvest står framfor eit fly på ein flyplass, med moderne terminalbygg i bakgrunnen

Visjonen til Avinor er: Vi bind Noreg og verda saman gjennom berekraftig luftfart.

Avinors atferdsverdiar er:

  • Open
  • Ansvarleg
  • Handlekraftig
  • Kundeorientert

Avinors verdiar illustrert med fire farga boksar: handlekraftig, ansvarlig, open og kundeorientert. Person held ein vekt med hjarte og symbol på pengar

Policy og etiske retningslinjer:

Avinor forvaltar store verdiar på vegner av samfunnet og samfunnsoppdraget skal utførast med omsyn til menneske, dyr, samfunn og miljø. Avinor stiller strenge krav til etikk, samfunnsansvar og ansvarleg forretningsførsel til eiga verksemd og kontraktspartar. Avinors policy og etiske retningslinjer uttrykkjer haldningane til konsernet i møte med kundar, leverandørar, kollegaer og andre omgivnader, og skal hjelpa oss å ta dei rette vala når me som bedrift eller enkeltmedarbeidar står overfor etiske dilemma. Som medlem av Etisk handel Noreg forpliktar Avinor seg til å jobba aktivt med aktsemdsvurderingar for berekraftig forretningspraksis.

Arbeider førebyggjande mot korrupsjon

Vårt antikorrupsjonsarbeid er ein naturleg del av vårt samfunnsansvar. Det er i både vår og samfunnets interesse at beslutningsprosessar føregår på ein open og forsvarleg måte. Derfor har vi bygd opp rutinar med mål om å førebyggje, avdekke og handtere all form for mogleg korrupsjon. Programmet blir følgd opp av konserncompliance og består av ei rekkje risikoreduserande tiltak som etiske retningslinjer, opplæring, dilemmatreningar, relasjonsanalysar, misligheitsrevisjonar og risikovurderingar.

Lokalsamfunn & nabodialog

Avinor erkjenner at verksemda vår kan påverke lokalsamfunn og naboar både positivt og negativt. Vi er opptekne av å involvere interessentar som blir påverka av arbeidet vårt, og har derfor oppretta det vi kallar «Nabodialog» over heile landet der vi har tilstades. Nabodialog inneber dialog med lokale politikarar, næringsliv og andre interessentar.