Vedtekter

    Vedtekter for Avinor AS (21. juni 2021)

    §1

    Selskapet sitt namn er Avinor AS.

    §2

    Selskapet sitt forretningskontor er i Oslo.

    §3

    Selskapet sitt samfunnsoppdrag er å eige, drive og utvikle eit landsomfattande nett av lufthamner for sivil sektor og ei samla flysikringsteneste for sivil og militær sektor. Eigaren avgjer kva for lufthamner selskapet skal drive.

    Verksemda skal drivast på ein sikker, effektiv og miljøvennleg måte, og sikre god tilgjenge for alle grupper reisande.

    Selskapet skal i størst mogleg grad vere sjølvfinansiert gjennom inntekter frå hovudverksemda og annan forretningsverksemd i tilknyting til lufthamnene. Internt i selskapet skal det skje ei samfinansiering mellom bedriftsøkonomisk lønsame og ulønsame einingar.

    Verksemda kan drivast av selskapet sjølv, av heileigde dotterselskap, eller av andre selskap det har eigarandelar i eller samarbeider med. Eigaren avgjer om den samla drifta av ei lufthamn kan setjast bort til andre basert på kontrakt, og om ei slik lufthamn skal unntakast frå samfinansieringa.

    Selskapet skal utføre samfunnspålagde oppgåver slik dei er fastsette av eigaren.

    §4

    Selskapet sin aksjekapital er NOK 5 400 100 000 fordelt på 540 010 aksjar som kvar har ein pålydande verdi av NOK 10 000.

    §5

    Langsiktige lån til finansiering av anleggsmiddel kan berre takast opp innanfor ei ramme som sikrar at konsernet sin eigenkapital ikkje underskrider 40 prosent av summen av konsernet sin til ei kvar tid netto rentebærande gjeld og eigenkapital.Ved inngåing av langsiktige finansieringsavtaler kan det ikkje stillast pant i enkelte eigedommar i Avinor AS eller dotterselskap som inngår i konsernet sin basisverksemd.

    §6

    Selskapet sitt firma vert teikna i fellesskap av styreleiar og eit styremedlem.

    §7

    Styret tilset selskapet sin daglege leiar og fastset tilsetjingsvilkåra for denne.

    Styret skal fastsetje instruks for selskapet sin daglege leiar.

    Styret skal legge ein plan for sitt eige arbeid og arbeide for å utvikle sin eigen kompetanse.

    Styret skal kvart år evaluere sitt arbeid og sin kompetanse.

    Styret skal påsjå at det finst tilfredsstillande system for intern kontroll av selskapet si
    verksemd og at det jamnleg vert gjennomført risikoanalysar med oppfylgjande førebyggjande tiltak og beredskapstiltak.

    Styret skal sørgje for at selskapet tek samfunnsansvar.

    §8

    Selskapet skal følgje allmennaksjelova §§ 6-16a Retningslinjer om fastsetting av lønn og anna godtgjersle til leiande personar i noterte selskap, 6-16b Rapport om lønn og anna godtgjersle til leiande personar i noterte selskap og forskrift om retningslinjer og rapport om godtgjersle for leiande personar. Retningslinjer i samsvar med asal § 6-16a og forskrifta skal leggjast fram for godkjenning for ordinær generalforsamling frå og med 2022. Retningslinjene skal òg innehalde ein redegjersle om korleis ”Statens retningslinjer for leiarlønn i selskap med statleg eigardel” er følgd opp i selskapet sine heileigde dotterselskap.Lønnsrapport i samsvar med asal § 6-16 b og forskrifta skal seinast leggjast fram for ordinær generalforsamling frå og med 2023.

    §9

    Ordinær generalforsamling blir halde kvart år innan utgangen av juni månad.