Skattepolitikk

To personar på ein flyplass med avgangstavle i bakgrunnen, smilande medan dei held drikkar

Skattestrategi for konsernet

Alle selskapa i Avinor-konsernet er forplikta til å gjennomføre skatteforholda sine i samsvar med følgande:

  1. Følgje alle relevante lover, reglar, forskrifter, rapporterings- og opplysningskrav.
  2. Rapportering skal gjerast innan gitte tidsfristar.
  3. Ha profesjonell aktsemd i handteringa av alle skattemessige forhold
  4. Fremje konstruktive, profesjonelle og transparente forhold til skattemyndigheitene, basert på integritet, samarbeid og gjensidig tillit.
  5. Bruke lovlege og alminneleg aksepterte verktøy og metodar for å optimalisere kontantstraumeffekten av betalbar skatt.

Organisering av arbeidet med skatt

Avinor-konsernet har valt å sentralisere alt arbeid med skatt og meirverdiavgift i ein sentral eining underlagt konsernrekneskap. Konsernrekneskap skal sikre ei konsistent og etterretteleg gjennomføring av arbeidet.

Den sentrale eininga vurderer til ei kvar tid behov for bruk av ekstern ekspertise i form av juridiske avklaringar.