Kort om Avinor

Inne i ein travel flyplass med passasjerar på veg til Avgang B, under nokre viktige skilt som gir informasjon om tryggleik og ulike vegar

Avinor har cirka 3100 tilsette som saman driv 43 flyplassar i Noreg – og sørgjer for at 51 millionar passasjerar kjem seg trygt opp i lufta og ned igjen.

Dei fleste nordmenn, og dei som kjem på besøk til Noreg tenkjer ikkje så mykje over Avinor, men brukar nesten alle Avinors tenester i samband med flyreisa – og takka vere desse kan vi oppretthalde eit stort nettverk av også mindre lønnsame flyplassar gjennom tax free-sal, parkering og avgifter for å opphalde seg i norsk luftrom. Vi kallar dette for Avinormodellen – og den bidreg til at folk som bur i utkantsområda også får kort veg til jobb, sjukehus, utdanning osv takka vere finansiering frå dei større flyplassane. 

Avinor er ein viktig brikke i å gjere luftfarten grønare og berekraftig på sikt. Vi jobbar tett med miljøorganisasjonar, er sentral i utviklinga av berekraftig flydrivstoff og elektriske fly. Dette er avgjerande for vår overleving, og eit fantastisk spennande område som omhandlar innovasjon og samarbeid med mange spennande partnarar. Vi siktar på å vere fossilfrie innan 2030!