Vi treng alltid dyktige folk
Teknologi og digital utvikling
Vil du vere med på å skapa verdiar som kjem heile Noreg til gode? Her kan du lese meir om teknologi i Avinor, og finne ut om éi av desse spennande stillingane passar for deg!

Bli kjent med Teknologidivisjonen
Kvar dag jobbar Avinors medarbeidarar for å binde Noreg saman, og Noreg saman med verda gjennom nettverket av 43 flyplassar i heile Noreg.
Avinor har mange yrkesgrupper med høg grad av spesialisering. Samstundes som vi driv ein viktig del av norsk infrastruktur, utfører vi leiande forsking og utvikling innan fleire fagområde. Vi har ansvaret for dei 43 statlege flyplassane, og driv i tillegg 12 lufthamner i samarbeid med Forsvaret.
I tillegg til flyplassane driftar Avinor kontrolltårn, kontrollsentralar og anna teknisk infrastruktur for sikker flynavigasjon.
Du kjenner kanskje Avinor best frå når du skal ut på reise? Ikkje så rart - Avinor har ansvaret for nesten 600 000 avgangar og landingar, over 50 millionar passasjerar (2019-tal) og cirka 50 000 overflygingar i norsk luftrom årleg. Vi utviklar sjølv, og forvaltar ein kompleks infrastruktur, som er avgjerande for drifta og ei rekkje digitale system som er essensielle gjennom heile «passasjerreisa» - blant anna avinor.no, app for passasjerar, app for tilsette, innsjekkingssystem, bagasjehandsaming, flytider, fjernstyrte tårn og andre tårnkontrolltenester, flyinformasjonstenester, vêrtenester, cyber security og mykje meir.
Teknologi og utvikling spelar i denne samanhengen ei avgjerande rolle, men ikkje like mykje som menneska og miljøa bak! No styrkar vi laget betydeleg på teknologisida. Dei riktige hovuda, det gode samarbeidet mellom avdelingar og einingar er avgjerande for at alt spelar saman på ein effektiv og trygg måte – for både passasjerane og partnarane våre.

KI i Avinor
Kvifor satsar Avinor på AI?
I åra som kjem vil AI vere ein sentral bidragsytar for å sikre effektiv drift av framtidas lufthamner og for Avinors tenestetilbod. AI-satsinga har ein verdidriven tilnærming og skal bidra med å skape verdi både for Avinor, våre partnarar og samfunnet. Ved å integrere AI i vår daglege drift kan Avinor auke inntekter, redusere driftskostnadar, optimere investeringar og forbetre ulike prosessar – både ute i drift og i administrasjon.
AI representerer ein heilt ny type teknologi som kjem til å bety mykje for oss framover. For Avinor sin del skal vi bli meir datadrivne, og vi må byggje opp kompetanse for å løyse oppgåver smartare enn vi gjer i dag.