Opptaksprøvar

    Kontrollrom på flyplass med personar som overvakar rullebanene frå skjermer

    Alle som er kvalifiserte, vil få innkalling til opptaksprøver. Dersom du har deltatt tidlegare og ikkje bestått, vil du ikkje få høvet til å ta testane på nytt.

    Dei to første fasane av opptaksprøven består av databaserte testar. Testane måler om du har dei naudsynte eigenskapane for å kunne fullføre utdanninga og arbeide som flygeleiar. Eigenskapar ein er særleg opptekne av er:

    • Tredimensjonal førestillingsevne (romoppfatning)
    • Rask oppfatningsevne
    • God konsentrasjonsevne
    • Simultankapasitet (evne til å handtere fleire oppgåver/informasjonar samtidig)
    • Beslutningsevne
    • Koordineringsevne
    • Høg stresstoleranse
    • Gode samarbeidseigenskapar

    Prøv Eurocontrol sin øvingstest! Testene er gratis, men dei krev at du registrerer ein brukar. 

    Slik føregår opptaksprosessen

    • Fase 0: Kontroll av søknaden: Det vert sjekka at du oppfyller opptakskrava og har lasta opp vitnemål frå vidaregåande skule i søknaden.
    • Fase 1: Innleiande opptaksprøve: Det er ikkje eit krav at du må ha brei datakompetanse. Testane føregår på engelsk. Originalt vitnemål eller duplikat må skaffast og medbringast til opptaksprøvene for kontroll.
    • Fase 2: Består du fase 1, går du vidare til fase 2 som varer i ca. 4 timar.