Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Opptakskrav

Lang eksponering av stjerneklar himmel med flylys i bevegelse over natthimmel, omgitt av skogkledd horisont

For å bli vurdert til opptaksprøvene, må alle følgjande krav vere oppfylte:

  • Alderskrav – du må ha fylt 19 år per 1. januar søknadsåret.

  • Generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter frå vidaregåande skule på 4,0 eller betre.

    Alle karakterar på vitnemålet tel. Ingen tilleggspoeng, alderspoeng eller liknande vert rekna med.

    Det er òg mogleg å søkje med 23/5-regelen. Les meir her: 23/5-regelen – Samordna opptak

    Søkjarar med utdanning frå utlandet vil bli vurderte ut frå kriterium gitt frå Samordna opptak.

  • Flytande munnleg og skriftleg norsk. Du må dokumentere norskkunnskapar frå vidaregåande skule, med minimum karakter 3.
    Søkjarar med vitnemål frå utlandet må ha bestått norsk CEFR-språktest med minimum nivå B2.

  • Gode engelskkunnskapar. Du må dokumentere engelskkunnskapar frå vidaregåande skule, med minimum karakter 3.
    Søkjarar med vitnemål frå utlandet vil bli vurderte ut frå kriterium gitt frå Samordna opptak.

  • Sikkerheitsklarering – må oppfylle krav til sikkerheitsklarering, minimum nivå KONFIDENSIELT.
    Les meir her: Klarering – Sivil klareringsmyndighet

  • God helse – må oppfylle krava til medisinsk sertifikat klasse 3.
    Les meir her: Medisinsk regelverk for flygeledere