Om utdanninga

Utdanninga
For å bli flygeleiar går du gjennom ei kombinert teoretisk og praktisk utdanning som varer i om lag 2 år. Den grunnleggjande delen av utdanninga skjer ved Czech Air Navigation Institute (CANI) i Praha, Tsjekkia, og den praktiske delen i eit kontrolltårn eller ein kontrollsentral i Noreg. Kostnadene for den teoretiske delen blir dekte av Avinor, og utdanninga er godkjend av Lånekassen som eit ni månaders studium. Under den praktiske delen er elevane mellombels tilsette hos Avinor og får lønn.
Opplæringa inkluderer:
Forkurs i Noreg (ca. 1 veke):
Innleiande opplæring for å førebu elevane på vidare utdanning og praktiske studium.
Initial Training ved CANI i Praha, Tsjekkia (ca. 9 månader):
Gjennom to semester får elevane grunnleggjande utdanning om flygeleiaryrket, samt simulatortrening saman med instruktørar. Dette gjer dei klare for neste steg i praksis.
Transisjonskurs (ca. 2-3 veker):
Kurs i norske reglar og forskrifter, systemopplæring og meteorologi for å tilpasse utdanninga til norske luftfartsføresegner.
Praktisk opplæring (cirka 1 til 1,5 år):
Trening ved eit kontrolltårn eller ein kontrollsentral i Noreg.