Ofte stilte spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål og svar

Eg har ikkje elektronisk versjon av vitnemålet mitt, kva gjer eg då?

Viss du ikkje har moglegheit til å ta bilete av eller skanne inn vitnemålet, må du snarast mogleg ettersende ein papirkopi til:

    •  Avinor Flysikring AS, Kompetanse, Postboks 150, 2061 Gardermoen. Ver venleg å merk konvolutten med Flygeleiarutdanning.

Jo raskare du sender det inn, jo raskare får du svar på søknaden din.

Eg har deltatt på opptaksprøvane tidlegare og ikkje bestått. Kan eg søke på nytt og ta opptaksprøvane om igjen?

Nei, dessverre. Det er ikkje høve til å ta prøvene om igjen. Dersom du har delteke på opptaksprøvane gjennom Naviair (Danmark) eller LFV (Sverige), kan du heller ikkje delta på opptaksprøvane gjennom Avinor Flysikring då dei skandinaviske landa nyttar dei same testane.

Det har tidlegare vore krav om avklart verneplikt. Gjeld ikkje dette lenger?

Kravet om avklara verneplikt har falle bort, dvs. at du kan søke flygeleiarutdanninga sjølv om du ikkje har vore inne til førstegongsteneste. Dei som blir tilbydd studieplass, vil få betinga fritak frå førstegongsteneste så lenge dei er flygeleiarelevar.

Eg går siste året på vidaregåande - kan eg søkje og ettersende vitnemålet?

Nei, dessverre. Du må ha fullført vidaregåande skule når du søkjer og kunne leggje ved vitnemålet som stadfestar at du har oppnådd generell studiekompetanse.

Eg er innkalla til opptaksprøve og har blitt beden om å framvise originalt vitnemål frå vidaregåande skule for kontroll. Eg finn ikkje originalen. Er det ok med kopi av vitnemålet?

Dessverre. Det er ikkje tilstrekkeleg å vise fram kopi av vitnemålet. Kopien eller elektronisk vitnemål har vi allereie motteke som vedlegg i søknaden, så vi har ikkje behov for ein ny kopi. Hensikta er å kontrollere kopien opp mot originalen. Dersom du ikkje finn ditt originale vitnemål, må du ta kontakt med skulen. Dei vil kunne utferde eit duplikat som vi godkjenner som «originalt» dokument.

Korleis vert snittkarakteren rekna ut?

Vi følgjer same poengberekning som Samordna opptak. Gjennomsnittet blir rekna ut frå alle karakterane på vitnemålet men utan ekstrapoeng av noko slag. Du får altså ingen ekstrapoeng for alder, realfag, språk, kjønn, fordjuping, folkehøgskule, militærteneste etc.

Eg har 3,9 i snitt frå vidaregåande. Kan eg søkje om opptak?

Det kjem an på. Vi opererer med éin desimal: 4,0 som absolutt krav. Dersom du har 3,95, vert dette heva til 4,0.

Eg tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse gjennom 23/5-regelen. Gjelder 23/5-regelen også for flygeleiarutdanninga?

Ja, den gjeld òg for flygeleiarutdanninga. Du må ha 4,0 eller betre i snittkarakter i studiekompetansefaga (fagkravet). Hugs å leggje ved dokumentasjon på 5 års utdanning/praksis. Sjå http://www.samordnaopptak.no/info/ for meir informasjon.

Eg vurderer å ta opp igjen fag for å betre karakterane mine - vert sekundærvitnemål godtekne?

Ja, vi godtek sekundærvitnemål (kompetansebevis) som viser forbetra karakterar. Du må også leggje ved førstegongsvitnemålet. Du må ha forbetra karakterane innan søknadsfristen. Etersending av kompetansebevis/vitnemål etter søknadsfristen vert ikkje godteke.

Eg er 18 år og blir 19 år i løpet av opptaksåret. Må eg vente til neste opptak før eg kan søkje på flygeleiarutdanninga?

Ja, du må nok vente med å søkje om opptak.

Det har tidlegare vore ein øvre aldersgrense på 30 år. Har denne falle bort?

Ja, den er fallen bort. Det er ingen øvre aldersgrense for å søkje på flygeleiarutdanninga lenger.

Kan eg oppnå tryggleiksklarering sjølv om eg har noko på rullebladet mitt?

På dette spørsmålet svarer Nasjonal tryggingsstyresmakt at dei som klareringsstyresmakt vil vurdere din lojalitet, pålitelegheit og sunne dømekraft etter gitte kriterium i samsvar med tryggingslova § 21 fyrste ledd. Det er ingen automatikk i at du blir nekta klarering dersom du skulle ha ei bakgrunn som er relevant i høve til nokre av desse kriteriuma. Alle har krav på ei individuell handsaming for å få vurdert si tryggingsmessige skikkaheit.

Klikk her for meir informasjon.

Kva er meint med kravet om at synskorreksjonen ikkje kan vere meir enn +5/-6 dioptri?

Dette tyder at langsyntheit på mindre enn +5 eller nærsynheit på mindre enn -6 er godteke. Dersom du har gjennomført synskorrigering, er det verdiane før operasjonen som gjeld.

Eg vurderer å gjennomføre ein augeoperasjon, vil korrigert syn ved operasjon godkjennast?

Vi tilrår deg å undersøkje tilhøve rundt ein eventuell synsoperasjon med ein augelege/optikar. Helsekrav er forskriftsfesta av Luftfartstilsynet. Nærare informasjon om medisinske krav for flygeleiarar (klasse 3) finn du i detalj på nettsidene til Luftfartstilsynet: Medisinske krav klasse 3 flygeleiar.

Korleis kan eg førebu meg til opptaksprøvene?

Testane som blir brukte testar eigenskapar som er relativt konstante og som i liten grad kan øvast opp, dvs. eigenskapar som ein anten har eller ikkje har. Nokre av testane kan minna om tradisjonelle IQ-testar, medan andre er særleg designa for dette testføremålet. Det vi testar for er:

  • Tredimensjonal førestillingsevne (romoppfatning)
  • Rask oppfatningsevne
  • God konsentrasjonsevne
  • Simultankapasitet
  • Avgjerdsevne
  • Koordineringsevne
  • Høg stresstoleranse

Du kan finne meir informasjon om testane som blir brukte her.

Når kan eg forvente å begynne utdanninga?

Dei som består opptaksprøvane i løpet av våren og får tilbod om studieplass, kan i utgangspunktet forvente å starte utdanninga hausten same år.

Må eg betale skulepengar under flygeleiarutdanninga?

Utdanninga blir dekt av Avinor Flysikring, dvs. at Avinor Flysikring betaler skulepengar og materiell. Utdanninga er særs kostbar då det bl.a. inngår mykje simulatortrening som er spesielt ressurskrevjande. Dette blir dekt av Avinor Flysikring medan elevane sjølve må dekkje utgifter til bustad, mat, osv. Utdanninga er godkjend av Lånekassen som eit 9 månaders studium på vanlege vilkår. Flygeleiarelevar får eit lønt engasjement under siste del av utdanninga, praksisperioden i Noreg.

Er det mogleg å ønskje seg til ei bestemt eining i praksisperioden/tenesteplikta?

Nei, dessverre. Det vil ikkje bli teke omsyn til individuelle ønsker eller spesielle behov ved fordeling av praksisplassar (OJT-eining) eller stad for pliktteneste.

Når plikttenesta er over, kan ein søkje seg til ein annan eining?

Når plikttenesta (3 år) er over, kan ein søkje om overføring til anna eining, dersom ein ønskjer det. Når ein får moglegheit til å flytte, kjem an på bemanningssituasjonen på den eininga ein er i og om det er ledig stilling der ein søkjer.

Kva løn og vilkår kan eg forvente under utdanninga og når eg er ferdig AFIS-fullmektig?

Under utdanning

Flygeleiar-elevar blir tilsett mellombels i Avinor Flysikring AS når dei begynner på den praktiske delen, og mottar løn under utdanninga.

Løna er på 415.100 kr pr. 01.04.2024. Løna skal dekke alle utgifter i samband med utdanninga, som bustadutgifter og reiseutgifter.

For den grunnleggjande delen er det mogleg å søkje Lånekassen etter vanlege vilkår for utanlandsstudentar, medan Avinor dekkjer skulepengane.

Opplæringa går føre seg hovudsakleg på dagtid, men noko ubekvem arbeidstid må påreknast. Den mellombelse tilsetjinga varer til opplæringa er fullført, og første gongs autorisasjon er bestått. Den mellombelse tilsetjinga blir avbroten dersom eleven ikkje består dei naudsynte eksamenane eller av ein annan grunn ikkje blir rekna som kvalifisert for tenesta. Det same gjeld viss opplæringa må avbrytast av andre saklege grunnar.

Løn etter utdanning

Jamnt over har ein flygeleiar god inntekt, startløn for ein flygeleiar er per 01.04.2024 på 601.000 kroner. Etter kvart vil årsløna auke avhengig av kva for eining ein jobbar på og ansiennitet.

Pliktteneste

Etter fullført utdanning er det tre års pliktteneste ved den eining som Avinor til einkvar tid bestemmer.

ANDRE SPØRSMÅL?

Om du har spørsmål utover det som er svart over, så spør oss gjerne. Er det noko du lurer på angåande flygelederyrket, opptaket eller studieperioden, må du gjerne ta kontakt med oss. Vi svarar på spørsmål så raskt vi kan.

Du kan sende dine spørsmål til .