Bli AFIS fullmektig
Å jobbe som AFIS-fullmektig er både meiningsfullt og spennande. Her får du eit innblikk i yrket som AFIS-fullmektig og oversikt over opptakskrav og utdanninga.

Om jobben som AFIS fullmektig
Kva gjer ein AFIS-fullmektig?
AFIS (Aerodrome Flight Information Service) er ein lokal flygeinformasjonsteneste. Ein AFIS-fullmektig gir trafikkinformasjon, vêrobservasjon, alarm- og redningsteneste, samt overvaker vêrforhold og kommuniserer med fly og flyplasspersonell. Rolla er å sikre trygg og effektiv flyging ved å formidle nødvendig informasjon til luftfarty og andre aktørar, samt oppdatere vêrdatar til Meteorologisk Institutt. Fullmektigen koordinerer aktivitetar på bakken, held kontakten med flya via radio, og sørgjer for at alle har riktig informasjon for ei sikker flyging.
Kvar jobbar ein AFIS-fullmektig?
AFIS-fullmektigar jobbar i Avinors AFIS-tårn eller i RTC (fjernstyrt tårn-senter) i Bodø, som koordinerer flytrafikken for fleire lufthamner ved hjelp av kameraovervaking og radar. Ved RTC deltek dei i eit større arbeidsmiljø og brukar avanserte teknologiar, som nattsynskamera. AFIS-fullmektigar er viktige for luftfarten sin funksjon i distrikta.

Utdanninga
For å bli AFIS-fullmektig går du gjennom ein teoretisk og praktisk utdanning som tar cirka 9 månader. Utdanninga er betalt av Avinor, og du får løn i løpet av perioden.
Opplæringa inkluderer:
- Introduksjonskurs (3 dagar): Innføring i norsk luftfart.
- Grunnopplæring (ca. 3 månader): Går føre seg på Trondheim lufthamn, Værnes, der du lærer om AFIS-yrket og tenesta si utøving, inkludert simulatorøvingar med instruktørar.
- Praktisk opplæring (ca. 6 månader): Du jobbar i ein «live» operativ posisjon under rettleiing frå instruktør, der du gir flygeinformasjonsteneste.
Utdanninga avsluttast med ei autorisasjonsprøve for Luftfartstilsynet. Etter bestått prøve kan du starte som sjølvstendig AFIS-fullmektig i tårnet.
Opptakskrav og opptaksprøver
Å bli AFIS-fullmektig krev både dedikasjon og riktige kvalifikasjonar. Du må oppfylle spesifikke opptakskrav, som alder, karakterar, språkferdigheiter og helsekrav. Når krava er stadfesta, går du gjennom ein grundig opptaksprosess med databaserte testar, personlegdomstestar og intervju.
Opptakskrav
For å bli vurdert til opptaksprøvane må du oppfylle følgjande krav:
Alder:
- Må vere 21 år ved førstegongs autorisasjon.
Karakterkrav:
- Generell studiekompetanse med gjennomsnitt 3,5 eller betre frå vidaregåande skule.
- Ingen tilleggspoeng, alderspoeng eller liknande.
- Det er mogleg å søkje med 23/5-regelen, med same karakterkrav.
- Søkjarar med utdanning frå utlandet vurderast basert på kriterium frå Samordna Opptak.
Språkkrav:
- Norsk: Dokumentert med minimum karakter 3 frå vidaregåande, eller bestått norsk CEFR-test med minimum nivå B2.
- Engelsk: Dokumentert med minimum karakter 3 frå vidaregåande.
Sikkerheitsklarering:
- Må oppfylle Luftfartstilsynets bakgrunnssjekk.
Helsekrav:
- Må tilfredsstille medisinske krav for AFIS-fullmektigar, ref.
Opptaksprøvar
Alle kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til opptaksprøver, som blir delt opp i fleire fasar.
Fase 0: Kontroll av søknaden
Her blir det sjekka om du oppfyller opptakskrava, og at vitnemålet frå vidaregåande skule er lasta opp.
Fase 1: Opptaksprøve
Den første fasen består av databaserte testar som vurderer om du har dei naudsynte eigenskapane for å bli AFIS-fullmektig. Testane føregår på engelsk, og vi legg særleg vekt på:
- Romforståing
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å ta avgjerder
- Positive haldningar
- Gode logiske evner
- Nøyaktigheit
- God hugse
Fase 2: Intervju
Viss du består fase 1, blir du innkalla til eit intervju på norsk.
Ofte stilte spørsmål og svar
Viss du ikkje har moglegheit til å ta bilete av eller skanne inn vitnemålet, må du snarast mogleg ettersende ein papirkopi til:
-
- Avinor Flysikring AS, Kompetanse, Postboks 150, 2061 Gardermoen. Ver venleg å merk konvolutten med AFIS-utdanning.
Jo raskare du sender det inn, jo raskare får du svar på søknaden din.
Nei, diverre. Du må ha fullført vidaregåande skule når du søkjer og kunne leggje ved vitnemålet som seier at du har oppnådd generell studiekompetanse.
Dessverre. Det er ikkje tilstrekkeleg å vise fram kopi av vitnemålet. Kopien eller elektronisk vitnemål har vi allereie motteke som vedlegg i søknaden, så vi har ikkje behov for ein ny kopi. Hensikta er å kontrollere kopien opp mot originalen. Dersom du ikkje finn ditt originale vitnemål, må du ta kontakt med skulen. Dei vil kunne utstede eit duplikat som vi godkjenner som «originalt» dokument.
Vi følgjer same poengutrekning som Samordna opptak. Gjennomsnittet blir rekna ut frå alle karakterane på vitnemålet men utan ekstrapoeng av noko slag. Du får altså ingen ekstrapoeng for alder, realfag, språk, kjønn, fordjuping, folkehøgskule, militærteneste etc.
Det kjem an på. Vi opererer med éin desimal: 3,5 som absolutt krav. Dersom du har 3,45, blir dette heva til 3,5.
Ja, den gjeld også for AFIS-utdanninga. Du må ha 3,5 eller betre i snittkarakter i studiekompetansefaga (fagkravet). Hugs å legge ved dokumentasjon på 5 års utdanning/praksis.
Sjå http://www.samordnaopptak.no/info/ for meir informasjon.
Ja, vi godtek sekundærvitnemål (kompetansebevis) som viser forbetra karakterar. Du må òg leggje ved førstegangsvitnemålet. Du må ha forbetra karakterane innan søknadsfristen. Etersending av kompetansebevis/vitnemål etter søknadsfristen godtas ikkje.
Ja, du må nok vente med å søkje om opptak til du er fylt 20.
Det er ingen øvre aldersgrense for å søke på AFIS-utdanninga.
På dette spørsmålet svarar Nasjonal tryggingsstyresmakt at dei som klareringsstyresmakt vil vurdere din lojalitet, pålitelegheit og sunne dømmekraft etter gitte kriterium i høve til tryggingslova sin § 21 fyrste ledd.
Det er ingen automatikk i at du vert nekta klarering dersom du skulle ha ein bakgrunn som er relevant i høve til nokon av desse kriteriuma. Enhver har krav på ei individuell handsaming for å få vurdert sin tryggingsmessige skarpet.
Klikk her for meir informasjon.
Testane som blir nytta testar eigenskapar som er relativt konstante og som i liten grad kan øvast opp, dvs. eigenskapar som ein anten har eller ikkje har.
Nei, dessverre. Det vil ikkje bli tatt omsyn til individuelle ønskjer eller spesielle behov ved fordeling av praksisplassar (OJT-eining) eller stad for pliktteneste.
Når plikttenesta (1,5 år) er over, kan ein søkje om overføring til anna eining. Når ein får høve til å flytte, kjem det an på bemanningssituasjonen på den eininga ein er, og om det er ledig stilling der kvar ein søkjer.
Under utdanning
AFIS-elevar blir tilset midlertidig i Avinor Flysikring AS, og det blir gjeve løn under utdanninga. Løna er meint å dekkje alle utgifter i samband med utdanninga (bustadutgifter, reiseutgifter med meir). Startlønn pr. 01.04.2023 er 336.100,-
Opplæringa vil hovudsakleg skje på dagtid, men noko ugunstig arbeidstid må påreknast. Den midlertidige tilsetjinga varer til opplæringa er fullført, og første gongs autorisering som AFIS-fullmektig er bestått. Den midlertidige tilsetjinga blir broten utan oppseiing dersom AFIS-eleven ikkje består dei nødvendige eksamenane eller av ein eller annan grunn ikkje blir rekna som kvalifisert for AFIS-tenesta. Det same gjeld viss AFIS-opplæringa må avbrytast av andre saklege grunnar.
Lønn etter utdanning
Etter fullført utdanning, autorisasjon og pliktteneste må AFIS-elevane søkje på ledige, kunngjorde stillingar som AFIS-fullmektig ved våre AFIS-einingar. Som AFIS-fullmektig får ein ei startlønn på 608.100,- til 623.800,- kr pr. år, i tillegg til faste og variable turnustillegg.
Pliktteneste
Etter fullført utdanning er det 18 månaders pliktteneste ved dei lufttrafikkteneste-einingane Avinor til kvar tid måtte bestemme.
Dersom du har spørsmål utover det som er besvart over, så spør oss gjerne. Er det noko du lurer på angående AFIS-yrket, opptaket eller studieperioden, må du gjerne ta kontakt med oss. Vi besvarer spørsmål så raskt vi kan.
Du kan sende dine spørsmål til

TA TESTEN
Har du det som skal til for å ta styringa over luftrommet?
Prøv spelet og finn ut om du har eigenskapane som krevst for å bli flygeleiar? Her får du utfordra minnet, talforståinga, språkevna, logikken og lyttarevna – alt under tidspress.
Test deg sjølv her