Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Kvifor blir tredje rullebane vurdert?

Reisande brukar smarttelefon på flyplassterminal med fly i bakgrunnen under solnedgang

Oppdatert hausten 2024

I Hurdalsplattformen vedtok regjeringa å «Setje ned eit uavhengig utval for å sjå på framtidig kapasitet og behov ved Oslo lufthamn på Gardermoen. Dette arbeidet vart ferdigstilt i september 2024. Utvalets arbeid vil danne grunnlaget for regjeringa si konklusjon i spørsmålet om tredje rullebane. Avinor har bidrege med faktainformasjon og behovsanalyser i dette arbeidet. 

Heile rapporten kan lastast ned her.

Utvalet si konklusjon om behovet for ein tredje rullebane seier:
«Det er utvalet si samla vurdering at det kan oppstå behov for ein tredje rullebane i framtida. Dermed kan det bli behov for areal til ein tredje rullebane. I tråd med dette meiner utvalet det er viktig å forhindre innbygging av dagens lufthamn.»

Utvalet anslår at det er lite sannsynleg at behovet oppstår før 2040.
Prognosane frå Transportøkonomisk institutt (TØI) syner at sjølv om Oslo lufthamn maksimerer si effekt på dagens to rullebanar, er dette venta å ikkje vere tilstrekkeleg frå perioden etter 2040. Det er usikkerheit knytt til utvikling i trafikkmønster og flystorleik, inkludert innføringa av nye nullutsleppsfly og korleis dette vil påverke behovet på sikt.

Luftfarten har som mål å vere fossilfri innan 2050. Det betyr at viktige steg må takast i den retninga innan dei neste ti åra. Dersom luftfarten er godt på veg mot å bli berekraftig innan då, er det stor sannsynlighet for at vi òg treng ein tredje rullebane. Dersom luftfarten, mot formodning, ikkje klarer å omstille seg til ei berekraftig framtid, vil òg behovet for ein tredje rullebane bli svekt.

Det er derfor viktig for Avinor at arealet til ein mogleg tredje rullebane blir halde av, og at flyplassen ikkje blir bygd inne, då det kan vere behov for denne i framtida. 

 

Bakgrunn: Kvifor blir ein tredje rullebane vurdert? 

Eit godt fungerande knutepunkt for nasjonal og internasjonal luftfart er ein føresetnad for norsk samfunns- og næringsliv. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal Avinor sørgje for infrastruktur med tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet. 

For Noreg er luftfarten spesielt viktig på grunn av dei lange interne avstandane, og plasseringa i utkanten av Europa. Eit norsk næringsliv i omstilling, som skal bli mindre avhengig av olje- og gass-sektoren, føreset at vi har ein internasjonal storflyplass som knyt heile Noreg saman med resten av verda. Mange internasjonale ruter og god tilgjenge er viktig for konkurranseevna for heile landet, og Oslo lufthamn er navet i nettverket av nasjonale og internasjonale ruter. 

Oslo lufthamn er òg ein kritisk del av infrastrukturen som bind saman eit langt land. Svært mange er avhengige av å reise via Oslo for å komme heim til familie eller oppretthalde kontakt med forretningsforbindelsar. Det å kunne ha eit stort knutepunkt for flytrafikken mellom dei ulike delane av landet er derfor viktig. Dette kan bli problematisk å oppretthalde dersom kapasiteten ved landet sin hovudflyplass ikkje lenger er tilstrekkeleg. 

Konsekvensane av for låg rullebanekapasitet ved Noreg sin hovudflyplass kan derfor bli eit redusert flyrutetilbod, forseinkingar og trengsel. Det kan òg føre til dårlegare overgangsmoglegheiter mellom innanlands- og utanlandstrafikk. Resultatet kan bli at trafikk blir overført til nettverksselskap og knutepunkt i andre land. Meir kompliserte reiser, med fleire stopp, gir lengre reisetid og større utslepp av klimagassar. Det kan òg bli nødvendig å avvise trafikk til fordel for andre knutepunkt i Skandinavia. Dette er ikkje ein ønskesituasjon for korkje den enkelte passasjer, norsk luftfart eller miljøet.

Eit sterkt nasjonalt knutepunkt styrker norsk konkurranseevne 
Oslo lufthamn er knutepunktet som tek vare på den nasjonale og internasjonale nettverkstrafikken. Nesten 70 prosent av passasjertrafikken og over 40 prosent av flyrørslene i Noreg går gjennom Oslo lufthamn. Lufthamna har òg stor betydning for sysselsetjing og næringsutvikling i regionen, som følgje av aktiviteten som skjer på lufthamna. Hovudstadsregionen er det dominerande marknaden for lufthamna. Oslo og gamle Akershus står for 70 prosent av dei utgåande flyreisene frå Austlandet og heile 85 prosent av innkomande reiser. Hovudtyngda av innkomande yrkestrafikk er Oslo-relatert.

For flyselskapa er det ikkje ønskjeleg å dele hovudoperasjonane sine på fleire lufthamnar. Det vil vere fordyrande og skape utfordringar for transferpassasjerar. I tillegg vil det bidra til å undergrave utviklinga av samanhengande rutesystem for Distrikts-Noreg.

Trafikken snart tilbake på normalnivå 
Etter opninga hausten 1998 har veksten på Oslo lufthamn vore langt høgare enn forventa. Trafikken voks frå 14 millionar passasjerar i 1999 til 28,5 millionar i 2019. På grunn av koronapandemien vart trafikken betydeleg redusert i 2020, men den tok seg forsiktig opp igjen i 2021. I 2024 er trafikken framleis noko bak nivåa før pandemien, og Avinor anslår at trafikken vil vere tilbake på 2019-nivå i 2027. 

Sterke trafikktoppar morgon og kveld, som følgje av stor innanriks trafikk, samt reguleringa av flytrafikken på natta, skapar imidlertid kapasitetsutfordringar for Oslo lufthamn. I tillegg er det ofte behov for banestenging for snørydding om vinteren. Dette, saman med trafikkprognosane, tilsier at det vil oppstå behov for ein tredje rullebane, sannsynlegvis i perioden etter 2040. Før koronakrisa tilsa prognosar frå Transportøkonomisk institutt (TØI) at ein tredje rullebane ville vere nødvendig allereie i 2030. Innfasing av elfly vil truleg føre til fleire flyrørsler då desse flya vil ha plass til færre passasjerar enn dagens fly. Denne faktoren er ikkje tatt omsyn til i dagens prognosar.  

Før det eventuelt blir bygd ein tredje rullebane vil Oslo lufthamn gjennomføre alle tiltak som kan bidra til å maksimere utnyttinga av dei eksisterande rullebanane:

Oslo lufthamn har i dag ein kapasitet på 80 flyrørsler, det vil seie både avgangar og ankomstar, per time. Ved å utnytte dagens to rullebanar og den utvida terminalen maksimalt kan kapasiteten aukast opp mot 85-90 rørsler. 

Det er sett av i storleiksorden 1,5-2 milliardar kroner til kapasitetsauke fram mot 2035, slik at kapasiteten på dagens to rullebanar blir utnytta maksimalt. Målet er eit så effektivt anlegg som overhovudet mogleg og det blir blant anna vurdert: Korleis kapasiteten gjennom døgnet kan utnyttast, korleis flya kan flyttast raskare av banen for å oppnå tettare trafikk og auking av kapasiteten på terminalane.