For våre naboar

Avinor har ei eigennaboside kor vi deler relevant informasjon med dykk som bur eller driv næringsverksemd i området rundt Oslo lufthamn.
Har du behov for å ta kontakt med oss i samband med tredje rullebane gjer du det her.
Mange av spørsmåla knytt til tredje rullebane må besvarast av din kommune:
Slik jobbar vi for å avgrense støy
Oslo lufthamn jobbar aktivt for å avgrense støybelastinga frå fly- og helikoptertrafikken for busette i lufthamnens nærområde.
Den viktigaste støykjelda ved flyplassen er fly under avgang og landing. Det blir lagt ned eit stort arbeid som har som mål å redusere talet på bubuarar som blir utsett for flystøy, samstundes som utslepp av klimagassar blir redusert.
Dagens støysonekart finn du her.
Framtidige scenario ved ei eventuell tredje rullebane basert på Sintefs støykartlegging finn du her.
Inn- og utflyging
Inn- og utflyging til flyplassen blir gjennomført på ein slik måte at byggjeområda blir mest mogleg skjerma. Informasjon og dialog er også avgjerande for å sikre ein mest mogleg føreseieleg situasjon for dei støyutsette.
Utviklinga innan navigasjonsteknologi har gitt moglegheiter for meir nøyaktige og fleksible inn- og utflygingsprosedyrar. Det er innført eit system med kurva innflygingar tilpassa busettingsmønsteret i flyplassens nærområde, samstundes som innflygingsrutene blir kortast mogleg.
Overvaking
Oslo lufthamn har eit avansert støy- og traseeovervakingsanlegg som registrerer og lagrar støydata for alle flygingar til og frå lufthamna. Kvar månad blir det utarbeidd ein rapport som viser statistikk og skildrar trafikken.
Saman med prognosar for framtidig trafikkutvikling og venta endringar i flyparken, gir rapporteringa grunnlag for utrekningar av flystøysoner og flystøysonekart for nokre år framover i tid.
Radarregistreringane i støy- og traseeovervakingsanlegget gir det nødvendige grunnlaget for å kontrollere at flya følgjer støyforskriftene.