Innovasjon i Avinor

    Avinor er ein sentral aktør innan luftfart. Det er naturleg at vi tek ein posisjon innan forsking, utvikling og innovasjon. Innovasjonsprosjekta våre har eit globalt potensial, og erfaringane og kompetansen som blir bygd i samband med dei er attraktive internasjonalt.

    Elflyet til Avinor i lufta

    FOU og innovasjon i Avinor

    1. Samarbeid om innovasjon

      Luftfarten er ein del av eit større bilete innan konnektivitet og mobilitet i samfunnet, der det kan kome store endringar og nye moglegheiter i tida framover. Den står også overfor store og krevjande teknologiske skifte. Avinor ønskjer samarbeid med oppstartselskap og -miljø, akademia, forskings- og utdanningsinstitusjonar, offentlege og private verksemder velkomen. Saman kan vi finne dei gode løysingane som aukar innovasjonsgraden, berekrafta og effektiviseringa i framtidas luftfart.

    2. Vi ønskjer innovasjon

      Det kan vere i form av ny teknologi, ein ny måte å utføre ein prosess på eller ei ny teneste. For innovasjon er ikkje berre nyskaping, men òg verdiskaping. Vi er opptekne av å utnytte ressursane på best mogleg måte, og finne smarte løysingar som gjer at vi leverer ein stabil og sikker infrastruktur for Noreg i lang tid framover.

    3. Vår eigar ønskjer innovasjon

      Det er både eit politisk ønske og vilje til at Noreg skal ta ei leiande rolle innan berekraftig nysatsing innan luftfarten, som kan bidra til at vi når klimamåla. Ei landsdekkande infrastruktur bidreg òg til busetjing og arbeidsmogelegheiter på tvers av landet vårt. Noreg - hovudarena for elektrifisering i luftfarten Avinor og samfunnsoppdraget

    4. Luftfarten som bransje ønskjer innovasjon

      Noreg er eit høgteknologisk land, med både kompetanse innan berekraftige og innovative løysingar for framtida og politisk vilje til å satse på det. Fleire av innovasjonsprosjekta i Avinor har eit globalt potensial, og erfaringane og kompetansen som blir bygd i samband med dei er attraktive internasjonalt.

    Sikkerheit, effektiv drift og auka verdiskaping

    Innanfor denne lina arbeider vi for å utnytte innovasjon og teknologiutvikling til å ta ut ein gevinst i form av auka tryggleik, meir effektiv drift eller auka verdiskaping på andre område.

    Fjernstyrte tårn og autonome brøytebilar er to døme på innovative løysingar der Avinor kan ta ut gevinstar i den daglege drifta.

    Sjå artikkel frå Teknisk Ukeblad: Her måker verdas første automatiserte brøytebil

    Sjå andre aktuelle prosjekt her.

    Klimavennlege løysingar og nye forretningsmoglegheiter for framtidas luftfart

    Framtidas klimavennlege løysingar kan også bety nye forretningsmoglegheiter. Det å skape nye inntekter handlar både om å utvikle dei kommersielle inntektene, og om å generere nye inntekter i andre delar av verksemda.

    Det ser vi allereie gode døme på, blant anna i droneprosjektet autonome sensorar for effektiv flyplassdrift i samarbeid med Norce og Opscom, og i arbeidet med ny bagasjeløysing på Oslo lufthamn. Vi jobbar for å ta fram fleire slike prosjekt.

    Prosjekt

    Gjennom eit samarbeid med aktørar frå ulike felt ønskjer Avinor å auke innovasjonstakten innan luftfart, og bidra til berekraft, effektive forretningsmodellar og utnytte moglegheitene i ny teknologi.

    Samarbeidspartnarar

    Vi samarbeider med oppstartsselskap, forskingsinstitusjonar og akademia både i Norge og internasjonalt, og mottar finansiering og støtte frå norske styresmakter på fleire innovasjonsprosjekt.

    Nokre av samarbeidspartnarane våre:

    Fleire av prosjekta våre mottar støtte frå mellom anna EnovaForskningsrådet og Innovasjon Norge.