Avidrone

    Hausten 2024 starta Avinor arbeidet med det nye UTM-systemet som har fått namnet Avidrone. Den nye løysinga skal sikra ei meir intuitiv brukaroppleving og tekniske oppgraderingar som skal møta ønska til dronepilotar. Avidrone vil vera tilgjengeleg på nett, App Store og Google Play.

    Avidrone - app

    Kva kan du forventa i Avidrone?

    • Oversikt over luftrom: Ei utfordring mange droneoperatørar opplever er å halda oversikt over kva restriksjonar som gjeld i ulike luftrom. Avidrone skal bidra til å gjera dette meir forståeleg og brukarvennleg.

    • Fleire flyvetillatelser: Moglegheita til å søkja om løyve til å fly innanfor fem kilometer av lufthamner vil sjølvsagt førast vidare i Avidrone. Me vil i tillegg leggja til rette for at også andre styresmakter gjennom Avidrone skal kunna gi flyvetillatelse for luftrom dei er ansvarlege for, anten manuelt eller automatisk innanfor gitte parametrar.

    • Auka situasjonsforståing: Det vil jobbast for å gi brukarane eit betre situasjonsbilete av aktivitet i luftrommet gjennom å introdusera fleire overvakingskjelder. Dette gjer me for å auka tryggleiken til både droneoperatørar og andre luftrombrukarar.

    • Eit UTM-system bygde for framtida: Med ein solid auke av droneaktivitet kvart år vil det bli eit større behov for å ha oversikt over kven som flyg kvar, spesielt i område der det går føre seg mykje samtidig aktivitet. Det felleseuropeiske regelverket for U-space opnar for at det kan etablerast spesifikke luftrom der droneoperatørar og tenesteleverandørar må oppfylla konkrete krav for å operera. Avidrone skal leggja til rette for ei slik utvikling i luftfarten.


    Kva betyr dette for deg som Ninox Drone-brukar?

    Frå og med 8.desember 2025 vil det ikkje lenger vera mogleg å bruka appen Ninox Drone. Avinor har dessverre ikkje høve til å automatisk flytta eksisterande brukarar frå Ninox Drone til Avidrone. Det betyr at du som bruker må laste ned appen Avidrone og registrera deg som bruker når me opnar opp for dette i slutten av november. Registreringa fungerer på tvers av plattformene, så dersom du ønskjer å bruka fleire einingar treng du berre å registrera deg éin gong.

    Appen Avidrone blir tilgjengeleg for nedlasting frå slutten av november 2025.

    Takk for at du er del av miljøet vårt, og for at du har valt å stola på oss med droneoperasjonane dine. Me gler oss til å gå inn i eit nytt kapittel og sjå dykk fly med Avidrone. Me ønskjer å halda deg informerte om overgangen til Avidrone og gi deg relevant informasjon gjennom nyheitsbrev. 

    Dersom du ønskjer å få nyheitsbrev om Avidrone, blir me veldig glad om du vil melda deg via knappen under.

    Avidrone
    Appen "Avidrone" vil vera tilgjengeleg på nett, App Store og Google Play