Underveistenesta

Mann sittande på kontor ved eit skrivebord, smilande medan han jobbar på datamaskinar med fleire skjermar

Avinor leverer flygekontrollteneste for norsk luftrom og store deler av Nord-Atlanteren. Tenesta leverast av om lag 350 medarbeidarar ved Avinors kontrollrom i Stavanger, Røykjen og Bodø.

Dei viktigaste kundane våre er norske og internasjonale flyselskap, Forsvaret og dei lufthamnene som vi driv innflygingskontroll for.

Trygg og stabil teneste – til ein god pris

Avinor er oppteken av å drive ei trygg og effektiv teneste, der flyselskapa får ei god teneste til best mogleg pris. Samanlikna med nabolanda våre, er tenesta som Avinor leverer svært konkurransedyktig.

Einingprisane, som blir brukte for å rekne ut avgiftene som flyselskapa betalar, er enkelt forklart eit resultat av kostnadsnivået for underveistenesta, fordelt på talet flygingar. I Noreg har veksten vore betydeleg dei siste åra utan at kostnadene har auka tilsvarande. Dermed blir prisane, som er regulerte av EU, heldne på eit lågt nivå.

Prisnivå i ulike land 

Kart som viser gjennomsnittlige verdier for ulike europeiske land, markert med ulike blånyansar. Azorene og Kanariøyene er også inkluderte, med verdiar på 8.38 og 50.27. Ukraina har ein sørleg verdi på 18.73

Kartet gjev oversikt over einingsprisane for 2024 for å fly i luftrommet til Noreg (€47,24), Sverige (€74,55), Finland (€57,13), Danmark (€67,145), Storbritannia (€87,29), Irland (€28,78), Nederland (€95,15), Tyskland (€80,14), Polen (€54,38), Litauen (€63,06), Latvia (€44,42) og Belgia-Luxemburg (€112,08) (Bilde: Eurocontrol).

Betydelig internasjonalt samarbeid

Samarbeid over landegrensene er viktig for å gje flyselskapene ei best mogleg teneste. Avinor samarbeider tett med fleire flysikringsaktørar, og inngår i NEFAB-samarbeidet som har etablert ein felles luftromsblokk for Noreg, Finland, Latvia og Estland.