Testprosjekt
Sjå korleis ny luftfartsteknologi blir testa i praksis – frå dei første demonstrasjonane til operativ erfaring. Gjennom testprosjekt i Noreg som internasjonal testarena får aktørar verdifull læring om infrastruktur, regelverk og drift, og eit konkret grunnlag for vidare utvikling og kommersialisering.

Fraktrute mellom Stavanger og Bergen
Kven: Bristow Norge og BETA Technologies
Luftfartøy: BETA ALIA (CTOL - Conventional Take Off and Landing)
Varigheit på testperiode: 6 månader
Formål: Lære gjennom praktisk drift: korleis fungerer elektriske fly i eit operativt luftfartssystem, med vêr, vinterforhold, flygeleiarar, tryggingskrav og dagleg operasjon.
Hensikt: Gi styresmakter, flyplassar og operatørar konkret innsikt i behov knytte til ladeinfrastruktur, prosedyrar, beredskap og framtidig opplæring.
Tal på flygingar: 126
Total distanse floge: 8748 nautiske mil (16 201 km)
Energi lada: 12 MWh
Flyplassar besøkte i tillegg til jamne flygingar mellom Stavanger og Bergen: Haugesund, Stord, Kristiansand, Arendal og Florø.
ristiansand, Arendal og Florø.
Om prosjektet
Testarena Norge har no gjennomført sitt aller første testprosjekt – og det markerer ein viktig milepæl for framtidas luftfart.
I januar 2026 landa det elektriske flyet ALIA frå BETA Technologies i Stavanger etter rundt seks månaders operasjonell testing i Norge. Med det blei prosjektet, gjennomført i samarbeid mellom Bristow Norway, BETA Technologies, Avinor og Luftfartstilsynet, offisielt avslutta.
Prosjektet er det første som er gjennomført under Testarena Norge, og har gitt verdifull erfaring med kva som faktisk krevst for å ta elektrisk luftfart frå konsept til praktisk operasjon.
Avinor: Infrastruktur for neste generasjon luftfart
For Avinor har prosjektet vore ei viktig arena for å byggje erfaring med korleis flyplassane må utviklast for å kunne ta imot nye luftfartøytypar.
-Som lufthamnoperatør har Avinor eit tydeleg ansvar for å førebu infrastrukturen vår for neste generasjon luftfart. Gjennom dette prosjektet har vi fått konkret erfaring i korleis vi skal utvikle lufthamner og ladeinfrastruktur for framtida.
— Karianne Helland Strand, konserndirektør for berekraft og infrastruktur i Avinor
Luftfartstilsynet: Regulatorisk læring i praksis
Luftfartstilsynet har brukt prosjektet til å utvikle regulatoriske rammer og ein første versjon av eit “sandkassemiljø” for ny teknologi – slik at innovasjon kan skje trygt og kontrollert.
-Vi har etablert ein første versjon av eit regulatorisk sandkassemiljø og kan no vurdere korleis dei ulike tryggleiksreglane fungerer i kontekst av dette nye teknologikonseptet.
— Jan Petter Steinland, direktør for strategisk analyse og transformasjon, Luftfartstilsynet
Ein viktig del av arbeidet har òg vore tett dialog med flygeleartenesta, som har vist at elektriske fly kan integrerast i dagens luftrom utan store endringar.
Bristow og BETA Technologies: Eit steg nærare kommersiell elektrisk luftfart
Partnarane peikar på prosjektet som eit viktig første steg mot framtidig drift med nullutsleppsfly.
-Dette prosjektet representerer eit viktig steg mot neste generasjon luftfart.
— Dave Stepanek, Executive Vice President og Chief Transformation Officer, Bristow Group
-Prosjektet har vist nøyaktig korleis elektrisk luftfart bør introduserast – med ei planlagd, trygg tilnærming i tett partnarskap med styresmakter, operatørar og lufthamnene.
— Simon Newitt, Head of Sales & Support, BETA Technologies
Læring før neste fase
Prosjektet har òg identifisert sentrale behov for neste fase, mellom anna meir robuste ladesystem, vintertilpassa infrastruktur og opplæring av brann- og redningstenester knytt til batteriteknologi og alternative drivstoff.
Dette første prosjektet viser korleis Norge som internasjonal testarena kan bidra til å bringe ny luftfartsteknologi frå idé til operativ røyndom – og gir eit solid grunnlag for vidare testing og utvikling i åra som kjem.
Nye prosjekt
Nye prosjekt i Norge som internasjonal testarena er for tida i kontraktsforhandlingar og vil bli annonserte når forhandlingane er gjennomførte.