Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Om testarena

Avinor og Luftfartstilsynet har etablert Noreg som internasjonal testarena for å førebu luftfartsøkosystemet for null- og lågutslippsluftfart og leggje grunnlaget for skalering av nye teknologiar. Formålet med testarenaen er å skape og dele kunnskap og læring, samt skaffe operativ erfaring ved å teste i reelle operative miljø.

Kva er testarena?

Testarena er eit samarbeid mellom Avinor og Luftfartstilsynet som gjer norske flyplassnettverk og luftrom tilgjengelege som internasjonal testarena for null- og lågutslepps luftfartøy. 

Vi tilbyr eitt felles kontaktpunkt og ein heilskapleg prosess frå idé til test- og demonstrasjonsflyging. Avinor bidreg med infrastruktur, operativt miljø og tilgang til energi, medan Luftfartstilsynet tilrettelèt gjennom regulatorisk støtte og fleksible Avinor og Luftfartstilsynet har etablert Noreg som internasjonal testarena for å førebu luftfartsøkosystemet for null- og lågutsleppsluftfart og leggje grunnlaget for skalering av nye teknologiar. Formålet med testarena er å skape og dele kunnskap og læring, samt skaffe operativ erfaring ved å teste i reelle operasjonelle miljø.   

Målet er å redusere barrierar for testing, akselerere innfasing av ny teknologi og styrkje Noregs rolle som tidleg marknad for berekraftig luftfart. 

 

Regelverk og regulatorisk sandkasse

Luftfarten er i hovudsak basert på internasjonale standardar og felleseuropeisk regelverk, og mange av dei aktuelle nye luftfartøya er produserte utanfor Noreg. Difor er det viktig at ein arena for utprøving og demonstrasjon av nye konsept er internasjonalt retta. 

Dette er òg grunnen til at Luftfartstilsynet inviterer EASA (EUs luftfartsstyresmakt) til å utvikle ein avansert regulatorisk sandkasse tilrettelagd for læring og sikker gjennomføring av testprogram. 

Luftfartstilsynet leier arbeidet med å ta i bruk EASA-regelverket for regional luftmobilitet. Det er etablert eit rammeverk for utprøving og demonstrasjon, og vi arbeider med å sikre at dette blir ein god arena for læring og kompetansebygging. 

Gjennom tilrettelegging og ei systemisk tilnærming arbeider vi for å inkludere alle relevante delar av luftfartsøkosystemet når nye løysingar blir introduserte. 

Infrastruktur

Som lufthamnoperatør legg Avinor til rette for at Noreg kan vere ein effektiv testarena for null- og lågutslipps luftfartøy. Gjennom Testarena stiller Avinor heile nettverket sitt av 43 lufthamner – frå store knutepunkt til regionale og arktiske flyplassar – til disposisjon for testing og demonstrasjon. 

Avinor bidreg mellom anna med: 

  • Flyplassinfrastruktur – fysisk tilrettelegging som gjer det mogleg å teste i eit reelt operasjonelt miljø. 
  • Luftrom og operasjonelle rammer – koordinering og tenester som sikrar at testflygingar kan gjennomførast trygt og effektivt. 
  • Energitilgang – tilrettelegging for nødvendig energiforsyning på bakken, inkludert elektrisitet og førebuingar for hydrogen og andre framtidige energiberarar. 
  • Teknologisk førebuing og læring – utvikling av lade- og støtteinfrastruktur, og praktisk erfaring med kva nye luftfartøykonsept krev av flyplassane. 

Med dette gir Avinor operatørar og produsentar tilgang til eit unikt testmiljø – med stor geografisk breidd, operativ realisme og høve til skalering.