For leverandørar
Ver med og utvikle framtidas ladeløysingar for luftfarten. Testarena gir leverandørar ei unik moglegheit til å teste teknologi i reelle operasjonar, høste erfaring og bidra til å forme neste generasjon ladeinfrastruktur på lufthamner.

Ladesystem
Det er framleis ope korleis framtidas ladeløysingar for fly på lufthamner vil sjå ut. Nettopp derfor er testing av nye teknologiar og konsept ein sentral del av oppdraget til testarenaen – og ei unik moglegheit for aktørar som vil vere med på å forme utviklinga.
Gjennom vårt første prosjekt har vi opparbeidd verdifull erfaring med CCS-lading for fly med faste venger. I kommande prosjekt vil vi utvide ambisjonane og teste eit breiare spekter av løysingar – frå megawattlading for større fly til meir fleksible og saktare ladesystem for hybridfly.
I tett samarbeid med flyprodusentar og leverandørar av ladeutstyr ønskjer testarena å vere ei attraktiv utviklingsplattform for framtidas løysingar. Saman kan vi modne teknologi, redusere risiko og leggje grunnlaget for neste generasjon ladeinfrastruktur i luftfarten.
Er du leverandør av ladeløysingar eller relevant teknologi? Ta for dialog om kommande prosjekt.
Tilsegner
Driiv Solutions
-For DriiV Solutions har det vore både spanande og utviklande å få bidra som leverandør av Noregs første hurtiglader for elfly i Avinor sitt testprosjekt.
-Samarbeidet med Avinor har gitt oss verdifull erfaring med elektrifisering i eit nytt segment, og samstundes lagt grunnlag for vidare utvikling av produkt og løysingar som kan takast i bruk i andre delar av våre satsingsområde, som til dømes ladeløysingar til elektriske lastebilar- Kristoffer Hurv, dagleg leiar Driiv Solutions AS
Driiv Solutions leverte ein fastmontert hurtiglader på Stavanger lufthamn, brukt under det første testprosjektet i Noreg som internasjonal testarena hausten 2025: Fraktrute mellom Stavanger og Bergen.

Skagerak Mobil Energi
-Samarbeidet med Avinor om ladeinfrastruktur til elfly på Bergen lufthamn, Flesland har vore både spennande og lærerikt. For oss har dette handla om å forstå brukarbehova i detalj og levere ei løysing som møter både tekniske krav og operasjonelle forventningar.
Avinor har vore løysingsorienterte og forståingsfulle gjennom heile prosessen, og dei lokale ressursane på flyplassen har bidrege med svært god støtte undervegs. Samla har vi vist at standard, gjennomførbare løysingar kan takast i bruk òg når elektrisk mobilitet blir løfta frå bakken og opp i lufta, og at Noreg er godt rusta til å leie utviklinga av berekraftig luftfart - Signe Marie Oland, forretningsutviklar, Skagerak Mobil Energi AS
