Fly- og helikopterstøy
Støy er uønskt lyd, og blir rekna som forureining etter forureiningslova. Støy frå lufthamnene skuldast i hovudsak fly og helikopter som landar, tek av eller taksar.
Avinor gjennomfører jamlege støykartleggingar på alle Avinor sine lufthamner, og registrerer trasébruk ved dei store lufthamnene. Avinor arbeider aktivt for å avgrense støybelastninga (frå fly- og helikoptertrafikk) for busette i lufthamnene sine nærområde.
Flystøyeksponering er avhengig av flytypar, trafikkmengde, rullebanebruk, traséval, og trafikken sin døgnfordeling. Utover støykartleggingar er Avinor sine viktigaste verktøy trafikkstyringa og justering av inn- og utflygingsprosedyrar. Satellittbaserte prosedyrar er eit vesentleg verkemiddel i denne samanhengen og vil bli nytta som tiltak i åra framover. Det viktigaste verktøyet for å hindre auka flystøyeksponering i bustadområde er flystøysonekart som skildrar det framtidige støybilete. Kommunane har plikt til å bruke desse karta i si arealplanlegging, samtidig som Avinor i sitt arbeid skal vurdere kommunane sine arealplanar.
Innføring av helikoptertypen Sikorsky S-92 til offshoretransport har medført ein vesentleg auke i flystøybelastninga ved enkelte lufthamner. Tiltak med å forbetre dette er høgt prioritert, bl.a. gjennom skipinga av eit nasjonalt helikopterstøyutval der relevante aktørar er samla. Den primære oppgåva frå utvalet er å dela informasjon og gi råd om støysituasjonen omkring ramma lufthamner, med mål om å finna støyreduserande tiltak.
Stortinget vedtok i 2012 at dei nye F-35 jagarflya skal stasjonerast på Ørland. Fire av flya skal stasjonerast på Evenes i ein base for Quick Reaction Alert (QRA) og høg luftberedskap (HLB). Stortingets vedtak inneber ei gjenopptaking av Evenes som permanent militær Flystasjon.
Det er påvist at F-35 ved avgang påfører områda rundt terminalbygget støynivå over LpASmax på 115 dBA, som i den statlege reguleringsplanen blir rekna for å kunna vera høyrselsskadelege. Dei høge støynivåa oppstår i samband med avgang med F-35 med etterbrennar. Avinor arbeider med tiltak for å skjerma passasjerar, tilsette og andre besøkjande til lufthamnene mot den høyrselsskadelege støyen.