Avinor sine eigne utslepp

Scope 1 handlar om utslepp frå Avinors eigen drift – som for eksempel frå køyretøy og energibruk. For å redusere desse har Avinor sett vitskapsbaserte klimamål, validert av Science Based Targets initiative (SBTi) hausten 2024 (Avinors klimamål godkjent av Science Based Targets initiative (SBTi) ).

Dette sikrar at måla er ambisiøse, målbare og i tråd med klimavitenskapen.  

Avinor har sett følgjande mål, med 2022 som referanseår:  

  • 42% kutt i eigne klimagassutslepp (scope 1 og 2) innan 2030*  
  • 71% av flyselskap ansvarlege for klimagassutslepp knytt til bruk av selde produkt skal ha vitenskapsbaserte klimamål (SBTi) innan 2028 
  • 90 % kutt i totale klimagassutslepp (scope 1, 2 og 3) innan 2050*  

* Måla inkluderer utslepp og fjerning knytt til landbruk og bioenergiressursar.    

Avinor har identifisert fleire tiltak som må gjennomførast innan 2030 for å nå klimamåla for eigne utslepp.Klima- og energitiltak, som elektrifisering av tunge køyretøy og ny energiløysing på Svalbard (sjå tekst om Energi), vil ha ein betydeleg effekt på Avinors klimagassutslepp, men òg krevje betydelege investeringar i køyretøy og infrastruktur. 

Avinor har over dei siste ti åra elektrifisert selskapets person- og varebilar. Dette er ein kontinuerleg jobb ettersom fossile køyretøy byttast til elkøyretøy ved nyanskaffing. Bussflåten blei i løpet av 2024 heilelektrisk då den blei komplettert med oppkjøp av 13 elektriske bussar frå Ruter. Vidare har Avinor over 700 tunge køyretøy som hovudsakleg blir nytta i vinterdrifta. Desse står for ein betydeleg del av selskapets direkte klimagassutslepp. For å redusere klimagassutsleppa frå desse, testar Avinor ny teknologi og samarbeider med leverandørar for å prøve ut nullutsleppskøyretøy. 

Sidan mange av Avinors tyngste køyretøy enno ikkje kan elektrifiserast, har bruk av biodiesel blitt ein avgjerande overgangsløysing for å redusere klimagassutslepp fram mot 2030.Avinor har inngått avtaler som sikrar levering av biodiesel med krav om at drivstoffet skal leverast utover gjeldande omsetningskrav, noko som gir reelle utsleppskutt.  Airport Carbon Accreditation (ACA)
Sidan 2009 har Avinor delteke i Airport Carbon Accreditation (ACA) – eit globalt program som måler og reduserer klimagassutslepp frå lufthamner.  Avinor har i dag fem ACA-sertifiserte lufthamner: 

  • Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim – alle på nivå 3 
  • Kristiansand – på nivå 1

Nivåa i ACA-ordninga viser kor langt kvar lufthamn har kome i arbeidet med å kartleggje, redusere og optimalisere utslepp, i samsvar med metodikken i ACA. Jo høgare nivå (1-5), desto meir omfattande tiltak og samarbeid med interessentar. Sertifiseringa inneber at Avinor rapporterer jamleg og får utsleppstal og tiltak revidert av uavhengig tredjepart. Neste steg er å styrkja samarbeidet med aktørar på lufthamnene – som flyselskap og handlingselskapar – for å kutta utsleppa saman.