Klima

    Barn som ser ut av eit vindauge på flyplassen

    Utslepp av klimagassar er eit globalt problem og medfører irreversible klimaendringar. Verda må i 2050 vere eit tilnærma nullutsleppssamfunn for at måla i Paris-avtalen skal nåast. Dette krev omfattande utsleppsreduserande tiltak i alle sektorar, inkludert luftfart. Dei største luftfartsrelaterte klimagassutsleppa kjem frå sjølve flytrafikken, dernest kjem passasjerar og tilsette sin transport til og frå lufthamnene (tilbringartenesta) og til slutt klimagassutslepp knytt til drift av lufthamnene. 

    Luftfarten binder Noreg saman – men vi må kutte utslepp raskt. Difor har Avinor sett ambisiøse klimamål: Avinor skal kutte eigne klimagassutslepp med 42 % innan 2030 og bidra til at norsk luftfart oppnår det felles målet om å fossilfri luftfart innan 2050.  

     

    Klimagassutsleppa i flytrafikken

    Klimagassutsleppa frå all innanriks sivil luftfart tilsvarte ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) i 2023 (siste offisielle tal) 2,36 prosent av samla innanriks utslepp (1,1 av totalt 46,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar). Utsleppa frå innanrikstrafikken har vore relativt stabil dei siste 25 åra, trass betydelig trafikkvekst. Det er desse utsleppa som er omfatta av Kyotoprotokollen og som vert rapportert i SSBs statistikk om klimagassutslepp frå norsk territorium. Dette prinsippet vert nytta i alle land. 

    Klimagassutsleppa frå utanrikstrafikken, det vil seie frå norske flyplassar til første destinasjon i utlandet, utgjorde i 2023 1,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Desse utsleppa vert rapportert årleg av Miljødirektoratet til til FNs Klimakonvensjon (UNFCCC). Utsleppa frå utanrikstrafikken har vakse signifikant sidan 1990. Dette skuldast langt fleire reisande, men òg fleire direkteruter frå Noreg. 

    Samla klimagassutslepp frå alt jetdrivstoff til sivile føremål selt på norske flyplassar i 2023 (siste offisielle tal) tilsvarte om lag 5,5 prosent av Noregs samla utslepp, i storleiksorden 2,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar, når ein òg tek med utanriks sjøfart. Under koronapandemien var det ein kraftig reduksjon i utsleppa frå både innanriks- og utanrikstrafikken, medan samla utslepp i 2023 nærma seg nivåa i åra før pandemien. 

    Klima og Avinor

    1. Avinors eigne utslepp

      Her kan du lese om utslepp frå Avinor sin eigen drift – som for eksempel frå køyretøy og energibruk.

      Avinor sine eigne utslepp
    2. Energi

      Her kan du lese om indirekte klimagassutslepp frå innkjøpt energi, som straum og fjernvarme.

      Energi
    3. Utslepp frå flytrafikken og verdikjeda

      Her finn du informasjon om luftrom, berekraftig flydrivstoff og null- og lågutslippsluftfart.

      Utslepp frå flytrafikken og verdikjeda
    4. Klimarisiko

      Her kan du lese om korleis Avinor tilpassar sin omfattande bygningsmasse og anna infrastruktur til klimaendringane.

      Klimarisko