Ressursbruk og sirkulær økonomi
Avinor ønskjer å vere med i omstillinga til ein sirkulær økonomi og eit langsiktig mål for Avinor er auka ombruk og sirkularitet på alle våre lufthamner. Dette gjeld i Avinors eigne aktivitetar og i samarbeid med leverandørar, partnarar og andre.
Sirkulære anskaffingar, vedlikehald og ombruk Moglegheitene for å redusere avfall, auke gjenbruk og materialattvinning byrjar allereie ved innkjøp av produkt og tenester til lufthamnene.Ved anskaffingar vert det stilt krav til haldbarheit, reparerbarheit og moglegheit for gjenbruk.Produkta må i tillegg utformast på ein måte som gjer det mogleg å attvinne material og bruke dette som råvarer inn i ny produksjon.
Avinors lufthamner har ein tradisjon for å reparere og gjenbruke utstyr og material.Gode rutinar og system for vedlikehald og omplassering av rullande materiell som sopbilar, strøbilar og hjullastarar til andre lufthamner er døme på dette.I 2024 vart 14 køyretøy omplassert til andre lufthamner.I 2024 selde Avinor også utstyr og materiell via eksterne auksjonsplattformer.
Ombruk står også sentralt i byggeprosjekt blant anna med handtering av gravemassar.
Kjeldesortering ved lufthamnene Alle Avinors lufthamner kjeldesorterer, og avfallshandtering er ein del av miljøstyringa ved alle lufthamner. Mengda avfall blir målt og rapportert ved henting av avfallsselskapa slik at vi kan jobbe systematisk med avfallsreduksjon og betre materialgjenvinning på kvar lufthamn og som eit konsern.
Begrense matsvinn Produksjon og sal av mat er den desidert største kjelda til matsvinn på lufthamnene og over halvparten av maten som blir kasta på våre største lufthamner er vurdert til å vere etande mat. Det er sett konkrete krav til tiltak for å unngå matsvinn i nye kontraktar og Avinor jobbar saman med dei kommersielle partnarane i terminalen for å redusere matsvinn. Blant anna blir passasjerprediksjonar brukt for å planleggje matproduksjon meir presist. I tillegg er det på sju lufthamner mogleg å nytte seg av appen TooGoodToGo for å hindre at etande mat ikkje hamnar som avfall.Fleire lufthamner samarbeider med frivillige organisasjonar for henting av overskotsmat.
Mange kastar mat i tryggleikskontrollen fordi reglane for væsker blir misforstått. Avinor vil informera reisande om kva dei kan ta med i handbagasjen for å unngå unødvendig matsvinn Bagasjereglar - Praktisk informasjon - Avinor.
Oslo lufthamn ZeroWaste prosjektet
Oslo lufthamn prosjektet sitt ZeroWaste 2030 har som mål å minimera forbruk og redusera avfallsmengda. Les meir om prosjektet her: Zero Waste 2030 - Avinor
Avinor Forskning for ei meir sirkulær lufthamn Oslo lufthamn deltek også i EU-prosjektet TULIPS som blir leidd av Amsterdam lufthamn Schiphol. Ein av måla med prosjektet er å auka sirkularitet på lufthamner. Prosjektet har ei eiga nettside: Home - TULIPS (tulips-greenairports.eu)