Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Naturmangfald

Naturmangfald rundt Avinors lufthamner 

Mange av Avinors lufthamner ligg i område med høgt biologisk mangfald. Desse inkluderer verneområde, lakseelvar, artsrike enger, våtmarker, gyteområde og leveområde for fleire truga artar.

Avinor har gjennomført kartlegging av biologisk mangfald ved alle lufthamner, inkludert influensområda. Kartleggingane vart hovudsakleg utførte i perioden 2009–2014, med enkelte oppdateringar og spesialiserte undersøkingar av utvalde artsgrupper – som humler – i etterkant. Resultata er offentleg tilgjengelege i Naturbase og Artskart, og rapportane finst her. Kartleggingane gir ein oversikt over naturverdiane på og rundt Avinors eigedomar, og kunnskapen vert brukt aktivt i drift, planlegging og prosjekt. Forvaltningsråda frå kartleggingane vert følgde opp innanfor rammene for trygg og effektiv lufthamndrift.

Lufthamndrift påverkar naturen på fleire måtar, mellom anna gjennom arealbeslag, støy, lysforureining, bruk av kjemikaliar, utslepp av mikroplast, vilt- og fuglekontroll samt spreiing av framande artar. Avinor arbeider kontinuerleg for å redusere desse påverknadene, og iverkset også positive tiltak der det er mogleg. Døme på dette er etablering og forbetring av habitat for ville pollinerande insekt, som blomsterrike enger, og dessutan fjerning av framande og skadelege artar.

Naturmangfald i nye prosjekt

Utbygginga av nye lufthamner i Bodø og Mo i Rana er to store prosjekt med stor påverking på natur og omfattande arealbeslag.

I samband med utbygginga av ny lufthamn i Bodø (NLBO) har Avinor etablert ei tilskotsordning for naturtiltak – les meir her. Som ein del av byggjeprosjektet for ny lufthamn i Mo i Rana har Avinor sett i gang eit pilotprosjekt der eit mindre myrområde er flytta til eit kunstig basseng utsprengd i fjell innanfor inngrepsområdet. Målet er å etablera eit nytt myrområde og samtidig skaffa meir kunnskap om metodar for flytting av myr. Les meir om prosjektet hos Nordlandsforskning: Myr i Rana | Nordlandsforsking