Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Avgifter og kvotar

Norsk luftfart er underlagt fleire politiske verkemiddel som er direkte eller indirekte klimamotiverte, og Noreg er truleg det landet i verda som har implementert flest slike verkemiddel for luftfart.

EUs kvotehandelssystem

Sidan 2012 har sivil luftfart vore del av EUs kvotehandelssystem.Alle flygingar innanlands i Noreg og i EU er omfatta.Flygingar ut av og inn til EU er unnateke.EUs mål er at utsleppa i kvotepliktig sektor skal vere minst 55 prosent lågare i 2030 enn dei var i 2005.Det har vore store svingingar i kvoteprisen dei siste åra.I store delar av 2022 var kvoteprisen på mellom 80 og 90 euro pr tonn.EU er venta å redusere omfanget av tilgjengelege kvotar fram mot 2030 for at måla skal nåast.Omfanget av gratiskvotar til luftfart blir sannsynlegvis redusert i åra som kjem.EU-kommisjonen har føreslått 25 % reduksjon av gratiskvotar i 2024, aukande til 50 % i 2025, 75 % i 2026 og at luftfarten frå 2027 ikkje lenger skal tildelast gratiskvotar.Dette vil auke kvoteprisane og på sikt føre til høgare kostnader.

CO2-avgift

Noreg har, som eitt av få land i verda, vald å innføre CO2-avgift på innanriks luftfart.I 2022 utgjorde denne 1,61 kroner per liter jet fuel, eller 631 kroner per tonn CO2.I samsvar med internasjonale avtalar er det ikkje høve til å leggje CO2-avgift
på utanrikstrafikken. 

Flypassasjeravgift

I 2016 blei det innført ein passasjeravgift på alle avreiste flygingar frå norske lufthamner.Frå juli 2022 blei avgifta gjeninnført etter koronapandemien. I 2022 var han sett til 214 kroner pr passasjer for reiser til destinasjonar utanfor Europa og 80 kroner for reiser i Europa.

Omsetningskrav

I 2020 innførte Noreg som første land i verda omsetningskrav for luftfart. Inntil vidare er kravet innblanding av 0,5 prosent avansert biodrivstoff. Miljødirektoratet har i byrjinga av 2023 sendt på høyring eit forslag om å auka omsetningskravet for avansert biodrivstoff til luftfart frå 0,5 prosent til to prosent. I EU blir det diskutert eit forslag frå kommisjonen om å innføra eit omsetningskrav på 2 prosent frå 2024, aukande til 63 prosent i 2050.

CORSIA

På ICAOs generalforsamling (FN-organisasjonen for sivil luftfart) i oktober 2016 vart det semje om å innføra eit kvotesystem for klimagassutslepp frå internasjonal luftfart – CORSIA (Carbon Offsetting and Reduction Scheme for International Aviation). Den første fasen til mekanismen på seks år starta i 2021 og er frivillig for statane. 107 statar, blant dei Noreg, melde frivillig deltaking i denne fasen.

Se ICAOs egen video om CORSIA ved å trykke her