Elektrifiserte fly

    Elfly avinor
     

    Eit av dei sannsynlege tiltaka for å redusere utslepp av klimagassar er elektrifisering av alle delar av luftfarten, inkludert drift av infrastruktur som bygg og anlegg, motorisert ferdsel på lufthamnene og sjølve flytrafikken.

    Gode føresetnader i Noreg

    Med ein allereie etablert marknad for korte flygingar med små fly, betydeleg erfaring og stor interesse for elektrifisering av transport og tilnærma 100 prosent fornybar
    elektrisitet, er Noreg i ein unik posisjon til å ta i bruk elektrifiserte fly.

    Elektrifiserte fly vert definert som fly som har ein eller fleire elektriske motorar for framdrift i lufta. Elektrisiteten som driv motorane kan koma frå ulike kjelder: batteri, brenselceller eller hybridsløysingar. Basert på informasjon Avinor har innhenta frå flyprodusentane er det realistisk å anta at dei første elektrifiserte
    flya kan vera i test- og utviklingsbasert trafikk på kortbanenettet i Noreg omkring 2026, at dei første flyrutene kan vera elektrifiserte frå 2027-28, og i større omfang i ordinær rutetrafikk frå omkring 2030.Norske luftfartsaktørar si satsing på elektrifisering av luftfarten har vekt betydeleg nasjonal og internasjonal merksemd.

    Fleire flyprodusentar ser på Noreg som eit aktuelt marknad for dei første elektrifiserte passasjerflya, som er venta å vere små og ha avgrensa rekkevidd.

    Legg til rette for infrastruktur

    Avinor sin visjon er at innanrikstrafikken i Noreg er elektrifisert i 2040, og selskapet har eit ansvar for å leggje til rette for denne utviklinga, særleg med omsyn til ladekapasitet og anna infrastruktur på lufthamnene. Avinor har derfor etablert eit eige internt program som skal leggje til rette for nye energiberarar (lading
    og hydrogen) for framtidas flyflåtar på selskapet sine lufthamner.

    Avinor kartla allereie i 2020 dagens og framtidig elkraftkapasitet
    på selskapet sine lufthamner. Kartlegginga blir løpande ajourført. I samband med førebuande arbeid til ny Nasjonal Transportplan har Avinor anslått at kostnadene, gitt ein rekke føresetnader, knytt til ladekapasitet til luftfartøy på Avinor sine lufthamner fram til 2040 er i storleiksorden 1,6 milliardar kroner. I 2022 gjennomførte DNV – på oppdrag frå Avinor – ei kartlegging av framtidige hydrogenleveransar til Avinor sine lufthamner. Analysearbeidet knytt til hydrogen vil bli vidareført og utvida i 2023.

    Tett bransjesamarbeid

    I 2021 mottok Avinor og Norges luftsportforbund (NLF) ein Pipistrel Velis Electro, verdas første typesertifiserte batterielektriske fly. At det er typesertifisert av europeiske luftfartsstyresmakter betyr at det mellom anna kan brukast til
    pilotopplæring.