Avinors Droneprogram – vi utviklar ubemanna luftfart og ny luftmobilitet

    Ein mann kontrollerer ein flygande drone ved ein innsjø

    Avinor har eit nasjonalt ansvar for å leggje til rette for ein sikker, effektiv og berekraftig luftfart. Dette ansvaret omfattar også å leggje til rette for utvikling innan ubemanna luftfart og ny luftmobilitet. Gjennom vårt droneprogram arbeider vi målretta for å utvikle og leggje til rette for trygg integrasjon av dronar i det norske luftrommet, samtidig som vi utforskar korleis droneteknologi kan styrkje Avinors eigne tenester og drift.

    Våre hovudområde

    1. 1. Integrasjon av dronar i luftrommet

      Gjennom moderne, digitale system gjer vi det mogleg å handtere store mengder droneoperasjonar samtidig – frå enkle flygingar til avanserte oppdrag. Ninox Drone er Avinors UTM-system (Uncrewed Traffic Management) som utgjer kjernen i arbeidet med å skape eit trygt, saumlaust og effektivt samspel mellom dronar og bemanna luftfart.

    2. 2. Deteksjon og sikring av luftrom

      For å sikre eit trygt luftrom må vi kunne oppdage og handtere dronar som flyg der dei ikkje skal vere. Gjennom arbeid med deteksjon av dronar (C-UAS: Counter – Uncrewed Aerial Systems) og utvikling av prosedyrar for uautoriserte dronar bidreg vi til å oppretthalde flytryggleiken.

    3. 3. Dronar i Avinors eiga drift

      Dronar er også eit viktig verktøy for å effektivisere og forbetre Avinors eiga drift. Vi brukar og testar dronar til geodata, inspeksjonar, overvaking og andre oppdrag på våre flyplassar. Dette kan gi betre datakvalitet og ein meir effektiv drift av kritisk infrastruktur.

    4. 4. Ny luftmobilitet / Avansert luftmobilitet (AAM)

      I åra framover vil luftfartøy med meir berekraftige drivlinjer som nyttar nye typar drivstoff og framdriftskonsept, samt passasjer- og fraktdronar, drive fram nye lufttransporttenester. Avinor arbeider med tilpassing av eksisterande infrastruktur, samt kartlegging av behov for ny infrastruktur, for å leggje til rette for sikker og effektiv innfasing av ny luftmobilitet i Noreg. Dette vert også gjort ved praktisk testing og demonstrasjon gjennom initiativet Testarena i samarbeid med Luftfartstilsynet.

    Gjennom desse fire områda byggjer vi kunnskap, teknologi og løysingar som legg grunnlaget for ei trygg og berekraftig utvikling av ubemanna luftfart og ny luftmobilitet i Noreg.