
Vil du arbeide med oss?
Vart du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja over og les meir!

Er du nysgjerrig på AI, og har lyst til å ta i bruk nye verktøy og utvikle nye løysingar? Avinor satsar stort på kunstig intelligens, og har oppretta ein eigen avdeling for AI-utvikling og -kompetansedeling.
– AI påverkar allereie korleis vi jobbar, og denne utviklinga vil berre halde fram. Difor er det viktig at alle tilsette får vere med, seier Cathrine Kirkøen-Bere, teamleiar for AI-adopsjon og kompetanse i Avinor.
I Avinor er ikkje AI berre eit moteord. Det er eit konkret satsingsområde. I tillegg til å utvikle eigne AI-verktøy og avanserte AI-løysingar, blir det jobba målretta med å gjere teknologien forståeleg og anvendeleg for alle tilsette.
“AI-verktøy fungerer annleis enn tradisjonelle verktøy og utviklar seg i eit høgt tempo. For at tilsette skal kunne utnytte potensialet til teknologien i ein travel kvardag, må vi gjere det enkelt for dei. Det handlar om riktige verktøy, tilpassa opplæring og kontinuerleg oppfølging.”
Cathrine Kirkøen-Bere, Avinor
Avinor oppretta våren 2024 ein ny avdeling for AI-utvikling og -kompetansedeling. I avdelinga arbeider det fem personar med utvikling av nye AI-verktøy, i tillegg til Cathrine som er ansvarleg for å gjere kunstig intelligens tilgjengeleg og nyttig for alle i Avinor.
–Vi er ein nysgjerrig gjeng som brenn for å ta i bruk teknologi på ein ny måte, fortel ho.
I Avinor får alle tilsette tilbod om AI-kurs og fagleg sparring. Her trengs ingen forkunnskapar så lenge ein er nysgjerrig og har lyst til å lære. Cathrine held både grunnkurs i AI og praktiske introduksjonar til verktøya, og sørgjer for at alle tilsette er oppdaterte på den hurtige utviklinga i fagfeltet.
– Eg opplever at mine kollegaer er nysgjerrige på korleis dei kan bruke AI til å jobbe smartare. Mange har prøvd litt heime, og skjønar at potensialet er stort, men treng hjelp til å oversetje det til sin eigen arbeidskvardag.
Ho beskriver det som både eit kompetanseløft og eit kulturprosjekt.
– Det handlar om å skape tryggleik og forståing. Her i Avinor arbeider det mange med høg fagkompetanse og masse erfaring, og dei kan ha veldig mykje å hente på å ta i bruk AI. Men då må ein vite kva verktøya faktisk kan og ikkje kan gjere.
AI-satsinga er ein tydeleg del av Avinors strategi, og legg vekt på nært samarbeid mellom teknologi, lufthamner og dei andre forretningsområda.

Innan ruteutvikling vil AI bidra til å analysere og identifisere nye moglegheiter for flyruter. Eit av dei mest spanande prosjekta er innan vinterdrift, der AI mellom anna skal støtte avgjerder om kjemikaliebruk på rullebane. Dette kan både betre tryggleiken, og redusere miljøpåverknaden og kostnadane knytt til vinterdrift.
– Vi utviklar ikkje løysingar i eit vakuum. Når vi skal utvikle AI-verktøy, som til dømes innan vinterdrift, jobbar vi tett med dei som har jobba med dette i årevis. Dei veit kva som faktisk fungerer i praksis. Vi koplar teknologi med fagkunnskap, og det gir veldig gode resultat.
– Det er mange avgjerder som i dag blir tekne basert på erfaring. No kan vi bruke historiske data og AI-modellar som støtteverktøy. Det handlar ikkje om å erstatte fagfolk, men å forenkle eller forbetre avgjerdsprosessar som i dag er krevjande.
I løpet av hausten startar Avinor eit internt AI-nettverk med tilsette frå ulike delar av Avinor. Desse skal fungere som superbrukarar og bindeledd mellom AI-avdelinga og resten av organisasjonen.
– Med dette nettverket får vi nysgjerrige og dyktige folk som kan vere sparringspartnarar for sine kollegaer, og ein betre flyt av informasjon begge vegar. Det blir utruleg spanande å sjå kva vi kan få til saman.

Vart du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja over og les meir!