
Vil du jobbe med oss?
Vart du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenka over og les meir!

Du hugsar kanskje nyheitssakene om store forseinkingar i flytrafikken i Europa i 2024? På grunn av sprengt kapasitet i luftrommet over Sentral-Europa var det, ifølgje NRK, mange reisande som fekk ferien heilt og delvis øydelagd av flygingar som blei kansellerte eller sterkt forseinka.
Denne utfordringa arbeider no Avinor med å løyse, saman med EU, europeiske partnarar og systerorganisasjonar.
FAS er forkortinga for Future ATM System, og ATM står for Air Traffic Management. Dette programmet skal utvikle og leggje infrastrukturen for flykontroll i norsk luftrom.
– Vi skal byte hovudsystemet for korleis luftrommet vårt blir styrt, forklarer Åse.
Meir effektiv og berekraftig luftfart
Det er fleire grunnar til at Noreg og Europa treng denne moderniseringa. For det første er Europas luftrom underdimensjonert for framtidas trafikkmengde. Det er rett og slett ikkje tilrettelagd for auken i flytrafikk og større utbreiing av dronetrafikk.

Treng fleire teknologar
For å lukkast med FAS, treng Avinor eit breitt spekter av teknologisk kompetanse - både arkitektar, utviklarar, testar, prosjektmedarbeidarar og driftsingeniørar.
– Vi treng folk som kan jobbe både strategisk og operativt, som evnar å samarbeide på tvers av fagfelt, og som triggas av å vere med på noko stort. Å jobbe med luftfart er både fagleg spennande og svært meiningsfullt, seier Åse.
Ho er eit godt døme på at ein ikkje treng å ha bakgrunn frå luftfart for å jobbe i Avinor. Ho er utdanna teknolog, og starta karrieren med programvare-testing før ho gjekk over til prosjektleiing i bank- og forsikringsbransjen. Då ho jobba som innleigd konsulent kom ho i kontakt med Avinor og FAS-programmet, og syntest det var så spennande at ho valde å takke ja til programleiastillinga ho har no.
– Eg blir driven av å skape ein open og inkluderande kultur, der vi støttar kvarandre og ikkje er redde for å teste ut nye ting. Og så synest eg det er veldig givande å gi folk moglegheita til å utvikle seg gjennom godt samarbeid og spanande arbeidsoppgåver, fortel ho.
Eit felles Europa
Målet om eit felles luftrom over Europa – Single European Sky – er svært komplekst og består av mange byggjesteinar. Derfor må kvart land starte oppgraderingar og utskiftingar av system og plattformer etappevis.
Single European Sky er det mest komplekse og datadrevne teknologiske samarbeidet i europeisk luftfart nokon gong. No treng vi fleire teknologar med på laget. Dette er noko av det du kan jobbe med:

Vart du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenka over og les meir!