
Vil du jobbe med oss?
Blei du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja over og les meir!
Freistar det å jobbe med utvikling av teknologi som betyr mykje for svært mange? – Hos oss får du ein jobb som både er samfunnskritisk og som sørgjer for at nesten 50 millionar passasjerar kjem seg trygt opp i lufta og ned igjen, fortel Tonje Berntsen.

Ho er leiar for seksjonen Lufthamn utvikling. Her jobbar dedikerte utviklarar og arkitektar med å utvikle dei systema og tenestene som gjer at norske flyplassar er blant verdas mest effektive.
– Det er mange som ikkje tenkjer på Avinor som ei teknologibedrift, men det er vi i høgste grad.Teknologi er heilt avgjerande for å møte utfordringane vi har føre oss for å sikre ei framleis trygg luftfart, ha effektive flyplassar og ikkje minst nå måla våre om fossilfri luftfart innan 2050, utdjuper Tonje.
Du har kanskje ikkje tenkt så mykje over det.Men når du reiser frå Oslo lufthamn, eller ein av dei andre 42 Avinor-flyplassane i Noreg, er det mange system som snakkar saman for at du skal få ei smidig og god reiseoppleving.

Tonje er ganske fersk i Avinor, men har likevel gjort seg bemerka med si tillitsbaserte leiarstil. Ho er opptatt av å leggje til rette for at alle dei dyktige folka som jobbar i seksjonen skal få fridom til å utforske nye teknologiar, utvikle seg og sparre med kvarandre, som ein del av å kunne levere verdi til Avinor og kundane.
“Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, og eg er oppteken av at alle skal få den støtta dei treng for å gjere jobben sin så bra som mogleg. Det trur eg blir endå viktigare framover, når vi får inn mange nye talent. Nytilsette kjem jo med heilt ny kompetanse og ny kunnskap som vi treng for å bli endå betre, i samarbeid med dei dyktige medarbeidarane vi har, og den unike kompetansen dei sit på.”
Tonje Berntsen, Avinor
Hovudkontoret til Avinor ligg på Skøyen i Oslo, men det er lagt opp til at ein òg kan jobbe på kontora på flyplassen.
– Det er fint å kunne variere arbeidsstad, viss ein vil. Og sjølv om vi ikkje treng å vere på flyplassen for å gjere jobben vår, så synest eg det er noko heilt spesielt med stemninga på Oslo lufthamn. Og så blir eg jo veldig stolt når eg ser at alle systema våre verkar som dei skal, og at folk får ei god reiseoppleving hos oss. Den stoltheita håpar eg alle våre nytilsette òg skal oppleve,sier Tonje Berntsen.

Blei du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja over og les meir!