Vêret set standarden
Regnvêret denne septemberdagen set standarden på korleis arbeidskvardagen til Camilla blir.
- Vi er alle på ein måte opptekne av vêr, men her i lufttrafikktenesta er det augeblicksvêret som gjeld. Vi observerer og gir informasjon som er heilt vesentleg for at pilotane skal kunne gjere ei sikker innflyging til flyplassen, forklarar Camilla.
Medan vi snakkar med Camilla, blir ho kalla opp av tankbilen som ønskjer å køyre via rullebana til brannøvingsfeltet. Dette er noko Camilla må klargjere og godkjenne før tankbilen får lov til å bevege seg over rullebana.
- Det som gjer jobben som AFIS-fullmektig så spanande er at eg kan sitje i eit tårn i Florø og utføre det som står i mine instruksar, men ein annan AFIS-fullmektig kan følgje dei same instruksane på Hasvik, men jobben er annleis, på grunn av blant anna lokale vêrfenomen og plassering, seier Camilla.
Samhald på tvers av flyplassar
Avinor sin misjon er «Avinor skal utvikle og drive eit trygt, effektivt og berekraftig luftfartssystem i heile landet.» Camilla fortel oss ei historie der dette kom spesielt fram.
- Vi skulle på slektstreff i Honningsvåg og hadde ca. 5-6 landingar oppover kysten. Det var heilt fantastisk! Kvar einaste flyplass hadde ulik lengde på rullebana og storleiken på tårna var forskjellig. Det er så gøy å tenkje på at det sit kollegaer av meg så langt nord, og dei tek oss alltid godt imot. Det er veldig gøy å tenkje på at eg som AFIS-fullmektig er med å påverke reisa di.
På fleire av Avinors flyplassar jobbar det AFIS-fullmektigar, og Camilla er spesielt fornøgd med å jobbe i Florø.
- Eg bur her i Florø, og det å vere ein del av flyplassmiljøet der vi saman jobbar mot å levere best mogleg produkt, er det som er med på å skape samhald!

TA TESTEN
Har du det som skal til for å ta styringa over luftrommet?
Prøv spelet og finn ut om du har eigenskapane som krevst for å bli flygeleiar? Her får du utfordra minnet, talforståinga, språkevna, logikken og lyttarevna – alt under tidspress.
Test deg sjølv her