- Vi har berre kontakt med AFIS-fullmektig på veg ned til ein flyplass og på veg ut frå flyplassen, seier Bjørn.
Informasjonen ein AFIS-fullmektig gir til kapteinen er ganske variert. Det går på alt frå ver og vind, rullebanestatus og ikkje minst informasjon om annan trafikk i området.
- Informasjonen vi får frå ein AFIS-fullmektig er heilt prekær for oss. Vi må for eksempel vite om vi kan starte på ei innflyging. Vi har siktavgrensingar og høgdeavgrensingar på vêret, og vi må derfor ha veropplysningar som tilseier at vi kan få lov til å starte på ei innflyging, seier Bjørn.
Ein AFIS-fullmektig gir opplysningar om rullebanestatus. Er rullebana for glatt eller under visse vindtilhøve kan ikkje flya lande.
- Viss ein AFIS-fullmektig oppgir feil opplysningar eller at vi ikkje får informasjon i det heile tatt; er dette veldig kritisk. Det er derfor utruleg viktig at informasjonen er riktig.

TA TESTEN
Har du det som skal til for å ta styringa over luftrommet?
Prøv spelet og finn ut om du har eigenskapane som krevst for å bli flygeleiar? Her får du utfordra minnet, talforståinga, språkevna, logikken og lyttarevna – alt under tidspress.
Test deg sjølv her