Heilt sidan karrieredagane på ungdomsskulen, har Tom Kristian visst at han ønskte å jobbe på ein flyplass. Han har tidlegare vore personleg trenar, men valde seinare å bli AFIS-fullmektig – noko han aldri har angra på!
Publisert:
På Bodø lufthamn møter vi Tom Kristian som jobbar som AFIS-fullmektig. I bakgrunnen høyrer vi eit passasjerfly som tek av i retning Leknes. Like etter skimtar vi to jagarfly som er på veg til øving. Med andre ord, ein heilt vanleg dag på flyplassen i Nordlands største by.
- Eg har ingen tidlegare luftfartsbakgrunn, men visste likevel at eg ønskte å bli AFIS-fullmektig. Interessen for dette blei vekt då eg var i Sandnessjøen og såg flytårnet og lufthamna som sådan. I tillegg blei eg introdusert for yrket AFIS-fullmektig på karrieredagane på ungdomsskulen. Det var då det heile starta, fortel Tom Kristian.
Frå kafé til Remote Tower Center
Lokalet vi står i var tidlegare ein kafé, men huser no kontorlokale og Remote Tower Center. Dette er eit fjernstyrt tårnsenter som skal levere informasjons- og innflygingsteneste til fleire av Avinors flyplassar. Dei første fem flyplassane skal fjernstyrast herfrå. På sikt skal minst 15 flyplassar styrast frå eit nytt tårnsenter, som blir bygd eit steinkast unna flyplassen.
- Det her er eit veldig spennande prosjekt som gir store moglegheiter vidare. Både karrieremessig og for tenesta sin del. Her er det mykje nytt og spennande, samt mykje ny teknologi som vi ikkje har hatt tidlegare, seier Tom Kristian.
- Den nye teknologien vil hjelpe oss ytterlegare i lufttrafikktenesta sitt samband. Her har vi infraraudt kamera, radardisplay, og målsporing på skjermane slik at vi ser fuglar og rørsler mykje lettare. Alt er omstilling, men når du først kjem inn hit og ser korleis det fungerer går det veldig, seier Tom Kristian.
Ny by - ny flyplass
I samband med nye Bodø lufthamn skal flyplassen flyttast lenger utover samanlikna med det den er i dag. Jagarane som er stasjonert lenger ut skal bort og arealet blir utnytta betre.
- Bodø er ein veldig fin by. Her er det gode turmoglegheiter, fine fiskevatn og turstiar. Det blir bygd i tillegg veldig mange nye leilegheiter, som legg til rette for at Bodø lufthamn kan bli eit regionalt knutepunkt for landsdelen. Bodø tilbyr òg fleire aktivitetar, til dømes eit besøk på Luftfartsmuseet, der har vi masse fin historie om ting som skjedde rundt Bodø lufthamn i samband med krigen, fortel Tom Kristian.
Kollegaer med god kompetanse
Utanfor det fjernstyrte tårnsenteret er det kontorlokale, der fleire AFIS-fullmektigar arbeider med prosjektet.
- Vi har nyleg fått tilsett fleire AFIS-fullmektigar her i Bodø på fjernstyrte tårnsenter, så vi begynner å bli eit ganske bra miljø. Det er veldig godt at vi har såpass mange rundt oss til å utveksle erfaringar, ta ein kaffi, eller berre høyre korleis det går, seier Tom Kristian.
Han synest utviklinga med fjernstyrte tårnsenter gir ei større moglegheit for å dele erfaringar med kvarandre.
- I dei konvensjonelle tårna er vi berre éin på jobb til ei kvar tid, og i dei rolege stundene kan det vere litt lite som skjer, då er det greitt at ein har nokon andre å spele på, og kanskje planleggje arbeidsdagen med. Skulle det oppstå ein situasjon i løpet av dagen der du treng litt fagleg hjelp eller hjelp til å ta telefonar, er det alltid folk som kan støtte opp. Det er ein veldig god tryggleik for ein AFIS-fullmektig å vite at ein har slik kompetanse rundt seg, avsluttar Tom Kristian.
TA TESTEN
Har du det som skal til for å ta styringa over luftrommet?
Prøv spelet og finn ut om du har eigenskapane som krevst for å bli flygeleiar? Her får du utfordra minnet, talforståinga, språkevna, logikken og lyttarevna – alt under tidspress.