Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Frå konsept til ferdig bagasjeteneste

Simen Simonsen og Aleksandar Perendic arbeider med kvar sin del av teknologibaserte tenester i Avinor. Simen ser dei forretningsmessige moglegheitene, medan Aleksandar utviklar konsepta til faktiske løysingar. Desse systema har mellom anna bidrege til at Oslo Lufthamn Gardermoen no er kåra til Europas mest effektive og punktlege flyplass.

To menn som ler og snakkar saman på ein moderne flyplass. Dei har ID-merking rundt halsen, som indikerer ein profesjonell samanheng. Lyse og opne omgjevnader med innsjekkingsområde i bakgrunnen.

Har du tenkt over kor enkelt det er å reise frå utlandet til ein mindre flyplass i Noreg? La oss seie at du sjekkar inn bagasjen i London, mellomlandar på Gardermoen, og hentar ut bagasjen når du landar på din endelege destinasjon, til dømes i Kristiansand.  

Enkelt og smidig. Vel, det hadde ikkje vore så smidig utan funksjonen Domestic Transfer. 

Før 2017 måtte du nemleg sjekke inn bagasjen og håpe at flyet ikkje var forseinka, hente ut bagasjen når du landa på Gardermoen, ta bagasjen gjennom tollen for så å sjekke inn på nytt, rushe gjennom sikkerheitskontrollen og krysse fingrane for at køen ikkje var så lang at du ikkje rakk flyet ditt vidare.  

Dette hugsar forretningsutviklar Simen Simonsen veldig godt. Han har over 26 års fartstid i flybransjen, først i SAS, og dei siste 13 åra i Avinor.  

Det var ikkje berre-berre å få overtydd Tolletaten om ei endring, vi har nemleg ein særnorsk tollregel som seier at all bagasje må sjekkast på første stopp inn i landet. Vi starta difor eit tverrfagleg prosjekt for å bruke teknologi til å lage ei løysing som gjer passasjerreisa smidig, og tilfredsstiller krava frå Tolletaten. Det klarte vi

Sime Simonsen, Avinor

Tett samarbeid med eksterne miljø 

Aleksandar er systemutviklar i Avinor, og arbeider dagleg med teknologien bak Domestic Transfer. Han er veldig stolt av å arbeide med eit system som, bortsett frå nokre integrasjonar mot eksterne nytta i løysinga, er heilt utvikla av Avinor.  

- Det at vi utviklar så mange av systema våre sjølv, gjer at arbeidskvardagen min er både spennande og variert. Domestic Transfer har stor påverknad på andre viktige system på flyplassen. Det kjem stadig nokre ønskje for Domestic Transfer via Simen, anten å introdusere nye features eller gjere nokre endringar. Det er ein god balanse mellom å vedlikehalde og utvikle noko nytt, fortel Aleksandar. 

Noko av det mest spennande med jobben er samarbeidet med eksterne utviklar-miljø, fortel han: 

- Vi arbeider med å kople fleire flyselskap opp mot Domestic Transfer. Eg har difor eit tett samarbeid med ulike flyselskap og Tolldirektoratet. Det er spennande å sjå korleis dei utviklar sine system, og korleis dei nyttar våre system saman med sine eigne.

 

Heilautomatisk bagasje 

Visste du at Noreg var først i verda med å utvikle og lansere sjølvbetjent bagdrop for 20 år sidan? Og at dette systemet gjorde at vi unngjekk dei forseinkingane og kaoset som rådde på andre europeiske flyplassar i koronaåra? 

No står det eit splitter nytt bagasjeanlegg klart til bruk på Gardermoen.20 nye sjølvbetjente bagasjeautomater skal auke kapasiteten betydeleg og hindre kø på dei mest hektiske utfartsdagane. 

Utfordringa var at vi måtte auke kapasiteten med minst 30 prosent samtidig som sporbarheit skulle betrast, og dette skulle mogleggjerast i eksisterande areal på flyplassen, fortel Simen. 

I det nye anlegget, som er verdas første i sitt slag, legg du bagasjen i det vi kallar «tubs», eller kasse om du vil, som blir sendt i bagasjeanlegget. Kvar «tub» blir spora slik at ein til ei kvar tid veit kvar bagasjen din er. Du kan sjekke inn mange timar før avgang. Kofferten din blir røntgenskanna og fotografert, og så sendt til Dynamic Bag Store, som er eit «bagasjehotell», i påvente av å bli lasta om bord i flyet. 

-Bortsett frå sjølve bagasjeautomatane, styringssystemet til bagasjeanlegget og dei systemene passasjerane ser, så er alle støttesystema «under panseret» utvikla av Avinor, fortel Simen. 

Det er mykje testing i forkant av ein slik lansering.

Kvinne peikar mot skjerm i kontrollrom, smiler og ser fokusert ut. Skjermer med data i bakgrunnen.

Teknologi blir stadig viktigare 

Teknologi blir ein stadig større del av Avinor. Framover vil utviklarmiljøet ta i bruk både AI og i endå større grad skybaserte tenester. Nytilsette vil også få moglegheit til å vere med i dette arbeidet frå start, og dermed kunne påverke korleis Avinors teknologiinfrastruktur skal utviklast.  

-Eg har jobba i Avinor i eitt år, og tar ein mastergrad i informasjonssikkerheit ved sida av jobben. Eg får mykje støtte frå leiinga og kollegaer, og eg får brukt erfaringane frå jobben i mange av emna. Det er mykje spennande som skjer i mitt fagfelt i Avinor. 

Det er effektivitet og kvalitet på flyplassen som er eit av dei viktigaste satsingsområda framover. AI og eit konsept kalla Total Airport Management, er viktige delar av det. 

Avinor er jo ansvarleg for flyplassen og punktlegheita, totalt sett. Det betyr at vi må jobbe for å få alle aktørar til å samarbeide godt. Det inkluderer oss sjølve, våre leverandørar og samarbeidspartnarar, som er alt frå flyselskapa, til ground handlerne og tryggingsfolka. Vi skal framleis vere ein av verdas mest effektive flyplassar, så her ligg det mykje spennande arbeid framover, både for oss i forretningsutvikling og utviklarmiljøet, avsluttar Simen med eit smil.