
Handterer flytrafikk i arktiske forhold
Hausten 2018 byrja Jeroshan Alexander som flygeleiarelev i Tromsø tårn. Han har allereie bidrege til å hjelpe pilotar i potensiell naud, då eit fraktfly frå Svalbard varsla om tekniske problem.

I det vi møter Jeroshan i tårnet ved Tromsø lufthamn, Langnes tar eit ambulansefly av i sørgåande retning. Trafikken inn og ut av lufthamna er variert, og operasjonane som flygeleiarane har ansvaret for, kan til tider vere hektisk.
- Tromsø er ein av flyplassane med mest kompliserte vinteroperasjonar, og er sånn sett ein flott stad å ha opplæringsperioden, eller «on the job training», som vi kallar det, seier Ståle Johnsen, sjefsflygeleiar ved Tromsø Tårn.
Når ein har gjennomført den teoretiske delen av utdanninga, skal ein gjennomføre ein praksisperiode ved ei operativ eining i Noreg. Denne tar som regel om lag eitt år, før ein vert sertifisert som flygeleiar.
- I løpet av «on the job training»-perioden, skal alle elevar gjennom fire fasar, som alle må beståst før ein kan komme vidare og bli sertifisert flygeleiar. Denne perioden byggjer på den teoretiske grunnutdanninga frå førsteåret i studieløpet. Forskjellen frå førsteåret, er at ein i praksisperioden får oppleve flygeleiaryrket anten i eit tårn eller ved ein kontrollsentral. Det er også ein del særnorske reglar ein må lese seg opp på i praksisperioden, i tillegg til det ein lærte på grunnutdanninga, fortel Jeroshan.

God balanse mellom jobb og fritid
Jeroshan er opphavleg frå Bergen, og som bergensarar flest, er han veldig glad i heimbyen sin. Tromsø er likevel ein svært bra stad å bu og jobbe.
- Eg trivst veldig godt her i Tromsø. Byen har eit pulserande liv, mange fritidstilbod og flott natur. Tromsø er ein storby, med alle dei tilboda det medfører, samstundes som det er kort veg til naturen. På fritida driv eg mykje med musikk, og den hobbyen får eg absolutt moglegheit til å dyrke ved sida av jobben ved kontrolltårnet ved Tromsø lufthamn.

Når ein skal velje karriereveg, opplever mange dilemmaet mellom å måtte følgje draumane sine og å prioritere venner og kjærast. Jeroshan har sjølv kjærast i Oslo, og har eit reflektert perspektiv på det å ha eit langdistanseforhold.
- Dette er sjølvsagt eit vanskeleg val ein tek når ein skal velje utdanning og karriere, men eit langdistanseforhold fungerer fint så lenge begge partar er innstilte på at det skal nettopp fungere. Samstundes er det ikkje noko problem å kunne reise til Oslo på fridagane mine. Det at ein jobbar turnus, gjer at ein òg kan ha fleire dagar fri i strekk. Dette er ein klar fordel med flygeleiar-yrket, slik eg ser det.
Les meir om Flygeleiar-jobben, utdanninga og opptaksprøven her!


Les meir om kvardagen som flygeleiar
