
Frå teater til flygeleiar
Jan Magne valde flygeleiarutdanninga, og har aldri angra.

Då Jan Magne var ferdig med vidaregåande, ønskte han å satse på teaterutdanning. Ei annonse for flygeleiarutdanninga i Avinor Flysikring endra karriereplanane hans. No jobbar 29-åringen som flygeleiar i tårnet på Stavanger lufthamn, Sola, og han har ikkje angra eit sekund.
Vi møter flygeleiar Jan Magne Steine i tårnet på Stavanger lufthamn, Sola ein solfylt fredag i november. I bakgrunnen høyrer vi ein flygeleiar-kollega gi klarering til ein KLM-maskin på veg til Amsterdam. -KLM 1200, cleared for take-off on runway 18. Klareringa frå flygeleieren blir gjeve på ein roleg, tydeleg og betryggande måte, heilt etter boka. Like etterpå skimtes eit militærfly frå NATO i horisonten, som held på med treningsrundar, såkalla touch and go. Dette skjer samtidig mens helikoptertrafikken til oljeplattformene i Nordsjøen tek av og landar ved lufthamna si andre rullebane. Med andre ord, ein heilt vanleg dag på lufthamna i Noregs oljehovudstad.
- Det at vi har aktiv trafikk på to rullebaner som kryssar kvarandre her på Sola lufthamn (òg kjent som «samtidige operasjonar» på fagspråket), er nok spesielt i norsk samanheng. Det gjer at vi må vere ekstra fokuserte, samtidig som det gjer arbeidskvardagen variert og interessant. Her får eg rett og slett brukt heile spekteret av ferdigheiter, som eg trente på under utdanninga, forklarer Jan Magne.
Flygeleiaryrket var ikkje gutedraumen
Då karrierevegen skulle stakast ut, var det ikkje flygeleiar som i utgangspunktet stod øvst på lista over utdanningar han kunne tenkje seg.

“Då var det berre å «hoppe i det» og søkje, sjølv om eg var førebudd på at nålauga for å komme inn var trongt.”
- Eg hadde eigentleg tenkt meg ein karriere innanfor teater, og var på opptak til den prestisjefulle skulen Liverpool Institute of Performing Arts i England. Då eg ikkje kom inn på den skulen, prøvde eg litt forskjellige ting, før eg tilfeldigvis såg ein annonse for flygeleiarutdanninga i Avinor Flysikring. Då var det berre å «hoppe i det» og søke, sjølv om eg var førebudd på at nålauga for å komme inn var trongt. Det verste som kunne skje, var jo at eg fekk eit «nei», så det var ikkje noko å tape ved å søke fortel Jan Magne.
Ingen dag er lik for luftas dirigentar

Etter første året på flygeleiarutdanninga, begynte Jan Magne på den obligatoriske opplæringa ved ein operativ eining, før han kunne kalle seg for utsjekka flygeleiar. Opplæringstida varte i eit drygt år, og er også kjent som «on the job training». Tenesta gjennomførte han ved Tromsø lufthamn, Langnes, kvar han totalt arbeidde i to og eit halvt år. Etter dette fekk Jan Magne jobb som flygeleiar ved Alta lufthamn, før han sette kursen mot Stavanger lufthamn, Sola, kor han no arbeider.
- Det som er flott med flygeleiararbeidet, er at ein kan få moglegheit til å arbeide på forskjellige stader. Yrkesmessig har dette gitt meg nyttig erfaring, til dømes frå Nord-Noreg, der vêrsituasjonen kan endre seg raskt. Det gjer at ein raskt må endre på planane ein hadde lagt tidlegare på dagen. Det som er godt, er at ein i utdanningsløpet blir grundig opplært, slik at ein veit korleis ein skal handtere forskjellige situasjonar, reflekterer Jan Magne.
Saman om å løyse eit viktig samfunnsoppdrag
Ifølge Jan Magne, fører flygeleiararbeidet til at ein blir godt samansveisa og trygg på kollegaene sine. Dette kjem godt med, når ein skal sørgje for at tusenvis av passasjerar skal kome seg trygt fram kvar dag, heile døgnet.
- Nokre av mine beste vener har eg i flygeleiararbeidet. Det som er flott, er at vi er mange forskjellige typar menneske som arbeider som flygeleiarar, og det er derfor rom for å vere seg sjølv.

- I og med at flygeleiarjobben er med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, må vi vere innstilte på å jobbe turnus. Dette inneber å jobbe nokre kveldar, netter, helger og heilagdagar. Når det er sagt, synest eg dette er ein veldig grei ordning, for totalt sett får vi minst like mykje fri som andre yrkesgrupper. Nyleg fekk eg til dømes moglegheit til å reise på ferie til New Zealand med gode kollegaer utanfor høgsesong. Samstundes får eg moglegheit til å dyrke teaterhobbyen min på sida av flygeleiarjobben. Ein ting eg ikkje tenkte på før eg søkte på flygeleiarutdanninga, men som eg set pris på i dag, er at ein ikkje treng ta med seg jobben heim etter at ein er ferdig for dagen, seier Jan Magne.
På spørsmål om kva råd han vil gi potensielt nye kollegaer, som vurderer å søkje på flygeleiarutdanninga, svarar Jan Magne kontant:
«Hopp i det – det er ingenting å frykte!»
Les meir om kvardagen som flygeleiar
