Ei spanande og ansvarsfull karriere

Har du nokon gong lurt på kven som styrer flya over himmelen og sørgjer for at alle kjem trygt fram? Vi har møtt Henrik Aarnes, ein flygeleidar-elev som er godt i gang med utdanninga, for å høyre meir om hans erfaringar. Du kan sjå Henrik fortelje sjølv nede på sida.

Mannleg tilsett framfor pc-skjermar

Korleis ser utdanninga ut? 

- Utdanninga tek to år. Fyrst er det ni månader med teori og simulatortrening i Praha. Sjølve opphaldet i Praha var jo kjempekjekt, og ein får utruleg mange gode vener som ein forhåpentlegvis har livet ut. Etter denne perioden går vi ut i praksis på ein av einingane i Noreg. Når vi startar på praksisen, blir vi mellombels tilsett som flygeleiar-elev i Avinor flysikring, og vi får løn som ein vanleg arbeidstakar med 100 % jobb.

Kva krevst for å lukkast som flygeleiar? 

- Det er viktig å kunne behalde roa i stressande situasjonar. Sjølv om det er mykje som skjer rundt deg, må du vere roleg og ha kontroll. Evna til å multitaske er òg avgjerande. Som flygeleiar må du kunne gjere fleire ting samtidig og ha eit godt oversiktsbilde over situasjonen. Det handlar mykje om å kunne tenkje framover og føreseie kva som kjem til å skje, slik at ein kan løyse konfliktar før dei oppstår.

Kva er det beste med flygeleiarutdanninga? 

- Det gir ein stor meistringsfølelse når ting fungerer. Sjølv om øvingane i simulatoren kan vere utfordrande, spesielt når alt går gale, er kjensla av å meistre situasjonane utruleg tilfredsstillande.